Overlegar i Fødselshjelp og Kvinnesjukdommar

2 weeks ago


Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time

Om stillinga

Kvinneklinikken søker overlegar

Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er regionssjukehus for Helseregion Vest og sentralsjukehus for Vestland fylke. Vi har universitetsfunksjon og driv forsking innan fagområda gynekologi og fødselshjelp.

Klinikken er delt inn i fødeavdelinga, gynekologisk avdeling (delt i seksjon for generell gynekologi og kreft), fostermedisin/ultralyd og assistert befruktning. Vi har årleg om lag 4500 fødslar og rundt 3000 operative inngrep. Vi har behov for å styrke overlegebemanninga ved fleire seksjonar og kan tilby ein utfordrande arbeidskvardag med god moglegheit for karriereutvikling innan klinisk kompetanse og forsking.

Vi ønsker nå å styrke bemanningen vår med spesialister til flere av våre avdelingar. Les meir om oss: Kvinneklinikken

Som overlege ved Kvinneklinikken vil du ha eit sjølvstendig fagleg ansvar og vere rettleiar for LIS, ei viktig rolle ved gjennomføring av den nye utdanningsmodellen. Alle legar deltar i fagutvikling og undervisning. Jobben fordrar stor fagleg interesse og engasjement. Vi har alltid fokus på kompetanse, pasientryggleik og brukarmedverknad. Kvinneklinikkens kjerneoppgåve er å gi gode helsetenester til kvinner på Vestlandet. Vi held til i nye topp moderne lokale og arbeider med løysingar for framtida. Det er derfor viktig at du som overlege kan bidra positivt inn i utviklingsprosjekt og forbetringsarbeid.

Ved Kvinneklinikken har vi fokus på godt arbeidsmiljø og vårt kollegium ønsker nye legar velkomne

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

Arbeidsgivar:

Helse Bergen HF

Stad:

Bergen

Stillingar:

2

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Engasjement

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

Del på X

Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid
  • Vakt
  • Forbetringsarbeid
  • Undervisning og rettleiing
  • Medansvar for god samhandling

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Spesialistgodkjenning i Fødselshjelp og Kvinnesjukdommar
  • Medisinsk embetseksamen
  • Gode kunnskaper i norsk og engelsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, nøyaktig og målretta
  • Gode kommunikasjonsevner og evne til å samhandle med pasientar, pårørande og på tvers av profesjoner
  • Forskingsinteresse
  • Evne til å prioritere under høgt arbeidspress
  • Stor arbeidskapasitet
  • Glede av godt teamarbeid
  • Ønske og vilje til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø med høgt tempo
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Nye og moderne lokale

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Adresse:

Haukelandsbakken 11, 5021 Bergen, Norge

(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Nils-Halvdan Morken

Seksjonsoverlege

Telefon:

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.



  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time

    Om stillingaSøkjer du ein kvardag med nærleik til frisk luft og fjell? Men samstundes ynskje om å arbeide i eit spanande og utfordrande sjukehusmiljø?Velkomen til Voss Voss Føde- og gynekologisk avdeling søkjer etter ein ny kollega. Vi har ledig eit vikariat frå med moglegheit for forlenging. LIS3 som snart er spesialist vil og bli vurdert.Vi søkjer...


  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time

    Om stillingaKvinneklinikken søker seksjonsoverlege ved fødeseksjon. Kvinneklinikken ved Haukeland Universitetssjukehus er regionssjukehus for Helseregion Vest og sentralsjukehus for Vestland fylke. Vi har universitetsfunksjon og driv forsking innan fagområda gynekologi og fødselshjelp. Klinikken er delt inn i fødeseksjon, seksjon for gynekologi (delt...


  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 500,000 - 700,000 per year

    Om stillingaVi søker legar som ønsker ei spesialisering i Akutt- og mottaksmedisin. Mottaksklinkken har 5 einingar, Utgreiingsmottak 1 og 2, Akuttmottak, Korttidspost og Diagnostisk senter. Utgreiingsmottaket er eit tilbod til pasientar med behov for tverrfagleg utgreiing ved akutt sjukdom. Team Akuttposten i Utgreiingsmottak 1 er spesialisert på...

  • LIS2/3 i patologi

    7 days ago


    Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 600,000 per year

    Om stillingaVi har ledig 12 månaders vikariat for lege i spesialisering 2/3 med mogleg forlenging. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga. Vikariata er ledig frå , men det er mogleg med fleksibel oppstart etter nærare avtale. LIS1 med interesse for patologi som er ferdig i løpet av vinteren oppmodast til å søke. Kunne du tenke deg...


  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 550,000 - 1,100,000 per year

    Om stillingaFrå 1. januar 2026 har vi ledig to faste overlegestillingar ved Seksjon for klinisk farmakologi og RELIS Vest, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Haukeland universitetssjukehus.Seksjonen har eit breitt spekter av oppgåver innan rutinearbeid, forsking og undervisning, og er godkjend for hovudutdanning i spesialiteten klinisk...


  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 1,000,000 - 1,300,000 per year

    Om stillingaVoss sjukehus har ledig stilling som kardiolog.Stillinga er knytt til medisinsk avdeling med moglegheit for deltaking i generell indremedisinsk bakvakt og er ledig frå mars 2026. Tilsetjing etter avtale.Medisinsk avdelingMedisinsk avdeling på Voss sjukehus har i dag spesialitetane lungemedisin, nefrologi, fordøyelsessjukdommar, geriatri og...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time

    Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.PostdoktorstillingVed Institutt for biovitenskap er det ledig ei stilling...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 480,000 - 600,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Førsteamanuensis II i nordisk språk og litteraturVelkomen som...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 500,000 - 600,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Om stillingaVed Avdeling for naturhistorie ved Universitetsmuseet i...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 480,000 - 600,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.UniversitetslektorVed Det medisinske fakultet, Universitetet i...