Ledig vikariat for spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar

2 days ago


Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time

Om stillinga

Søkjer du ein kvardag med nærleik til frisk luft og fjell? Men samstundes ynskje om å arbeide i eit spanande og utfordrande sjukehusmiljø?

Velkomen til Voss

Voss Føde- og gynekologisk avdeling søkjer etter ein ny kollega. Vi har ledig eit vikariat frå med moglegheit for forlenging. LIS3 som snart er spesialist vil og bli vurdert.

Vi søkjer deg som har erfaring innanfor generelle gynekologiske problemstillingar i poliklinikken og på operasjonsstova. Du må samstundes beherska fødselshjelp godt og trivast med vaktarbeid på fødegangen, samt poliklinisk oppfølging av risikogravide frå vårt distrikt. Arbeidsoppgåvene vil vere både innan fødselshjelp, gynekologi og oppfølging av nyfødde. Vaktordninga er for tida 5-delt med heimevakt på kveld og natt.

Det blir født kring 400 born på Voss i året. Ved sida av å ha sett til at alt gjekk fint for seg med dei, gjennomfører vi kring 3000 polikliniske konsultasjonar og 300 operasjonar. Vi utfører dei fleste inngrep innanfor benign gynekologi. Vi har stor fokus på faglig utvikling og vi ventar at du har det samme. Vi samabeider tett med Kvinneklinikken på Haukeland.

Generelt om Voss sjukehus:

Voss sjukehus har akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi. Opptaksområdet er på om lag innbyggjarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger.

Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjend gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg nokre steinkast frå sjukehuset, og ein flott golfbane. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

Arbeidsgivar:

Helse Bergen HF

Stillingstittel:

Spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Vikariat

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

Del på X

Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

  • Poliklinikk
  • Operasjonar
  • Visittgang/postarbeid
  • Vurdere tilvisingar
  • Fødselshjelp og oppfølging av nyfødde
  • Undervising og rettleiing av LIS1 og LIS3
  • Delta i vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Du har norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i gynekologi
  • Du må meistre norsk språk både skriftleg og munnleg
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekomande og viser respekt
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du er bevisst eigne avgrensingar, ber om hjelp samt melder avvik om det oppstår
  • Du har engasjement for fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring

Personlege eigenskapar

  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar og andre samarbeidspartnarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeidar strukturert og målretta
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende. Kan delegere og følgje opp delegerte oppgåver

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Voss sjukehus vil kunne hjelpe med passande bustad
  • Voss har ei sterk identitet som ei kultur- og naturbygd, og tek vèl i mot nye innbyggjarar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Adresse:

Voss Hospital, Sjukehusvegen 16, 5704 Voss, Norge

(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Kathrine Woie

Seksjonsoverlege

Telefon:

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.



  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time

    Om stillingaKvinneklinikken søker overlegar Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er regionssjukehus for Helseregion Vest og sentralsjukehus for Vestland fylke. Vi har universitetsfunksjon og driv forsking innan fagområda gynekologi og fødselshjelp.Klinikken er delt inn i fødeavdelinga, gynekologisk avdeling (delt i seksjon for generell...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 450,000 - 600,000 per year

    Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med...


  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time

    Om stillingaKvinneklinikken søker seksjonsoverlege ved fødeseksjon. Kvinneklinikken ved Haukeland Universitetssjukehus er regionssjukehus for Helseregion Vest og sentralsjukehus for Vestland fylke. Vi har universitetsfunksjon og driv forsking innan fagområda gynekologi og fødselshjelp. Klinikken er delt inn i fødeseksjon, seksjon for gynekologi (delt...


  • Bergen, Vestland, Norway The Directorate for Higher Education and Skills Full time

    november 2025språk1" class="language-switch-container ng-hide">Norsk NynorskNorsk NynorskVil du være med å utvikle høgare yrkesfagleg utdanning på nasjonalt nivå?Ledig fast stilling og vikariat innan høgare yrkesfagleg utdanningsøk stillingenOm stillinga og avdelingaVi ser etter rådgivarar / seniorrådgivarar innan høgare yrkesfagleg utdanning, til...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 450,000 - 550,000 per year

    Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Tannhelsesekretær (fleire vikariat)Ved Det medisinske fakultet,...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 440,000 - 520,000 per year

    Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.SeniorkonsulentDet psykologiske fakultet ønskjer deg velkomen som søkjar...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 500,000 - 700,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.UniversitetslektorVed Institutt for politikk og forvaltning,...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 500,000 - 600,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Førsteamanuensis i organisk analytisk kjemi / naturstoffkjemi...


  • Bergen, Vestland, Norway Bergen Kommune Full time 90,000 - 120,000 per year

    Om stillingenLedig fastlegehjemmel ved Cort Piil Helsesenter, Strandgaten 221, ledig fra 1. april 2026.Legekontoret er veldrevet og velutstyrt med 6 fastleger i lyse, trivelige og nyoppussede lokaler. Godt avtaleverk og godt arbeidsmiljø.Legekontoret benytter Infodoc Plenario journalsystem, Norsk Helsenett, e-resept samt elektronisk kommunikasjon med...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 500,000 - 1,000,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.UniversitetslektorVed Institutt for design, Fakultet for kunst,...