Førsteamanuensis i organisk analytisk kjemi

5 days ago


Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 500,000 - 600,000 per year

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Førsteamanuensis i organisk analytisk kjemi / naturstoffkjemi (vikariat, 60 % stilling)

Ved Kjemisk institutt er det ledig eit vikariat som førsteamanuensis i organisk analytisk kjemi / naturstoffkjemi i 60 % stilling frå 1. februar 2026 til 31. juli 2027, med moglegheit for forlenging.

Ved Kjemisk institutt er det ledig eit vikariat som førsteamanuensis i 60 % stilling knytt til undervisning og forsking innan organisk analytisk kjemi, med særleg fokus på naturstoffkjemi. Den som blir tilsett, vil inngå i Jordheim si forskingsgruppe og få ansvar for undervisning, rettleiing og laboratoriedrift, og dessutan bidra aktivt i forskingsprosjekt og fagleg formidling. Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk kandidat med relevant doktorgrad og god erfaring frå undervisning, rettleiing og laboratoriearbeid.

Om instituttet

Forskinga ved Kjemisk institutt (KI) er fokusert innanfor to strategiske tematiske område: (i) Berekraftig energi og kjemisk produksjon, og (ii) Molekylær livsvitskap, følgt av grunnforsking innan dei viktigaste kjemiske subdisiplinane. Instituttet har óg marin aktivitet gjennom forskinga på kjemiske aspekt ved marine bioressursar. KI reknar innovasjon som ein primær aktivitet for å skapa meirverdi frå forsking til nytte for samfunnet og fremja av vitskap.

Instituttet tilbyr utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå innan kjemi og medisinsk teknologi. Kjemisk institutt er og partnarinstitutt for utdanning i farmasi, energi og lektor forutan å ha eit ansvar for den grunnleggjande kjemiundervisninga på tvers av studieprogramma på fakultetet. Bachelorprogrammet i kjemi har EuroBachelor-godkjenning, og instituttet tilbyr ein europeisk Joint master degree i analytisk kjemi.

Kjemisk institutt arbeider systematisk for å ha ein tenleg forskingsinfrastruktur og har nyleg tatt i bruk moderne og attraktive forskingslaboratorium for energirelatert forsking og medisinalkjemi. Vidare har instituttet eit velutrusta NMR-senter som inngår som node i den nasjonale NMR-plattforma (NNP) og Kjemisk institutt har også tatt ein nasjonal leiarskap gjennom det UiB-finansierte Laboratorium for automatisert kjemi.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Emneansvarleg for KJEM235 – Strukturoppklaring av organiske molekyler (10 studiepoeng): Ansvar for undervisning, fagleg innhald og vurdering.
  • Rettleiing av studentar: Oppfølging og fagleg rettleiing av bachelor-, master- og Ph.d.-studentar knytt til Jordheim si forskingsgruppe.
  • Laboratorieansvar: Tilsyn med dagleg drift av laboratoriet, inkludert innkjøp av utstyr og kjemikaliar, og dessutan å ivareta HMS-rutinar.
  • Delta i forskingsprosjekt: Bidrag til forskingsaktivitetane i Jordheim si forskingsgruppe gjennom rettleiing, analysearbeid, rapportering, formidling og publisering.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innan organisk analytisk kjemi (naturstoffkjemi).
  • Erfaring innan rettleiing av bachelor- og masterstudentar er eit krav.
  • Søkjarar må ha undervisningserfaring.
  • Erfaring frå skriving av vitskaplege tekstar er eit krav.
  • Betydeleg erfaring med kjemisk analysearbeid i laboratoriet er eit krav.
  • Erfaring innan marin naturstoff kjemi er en fordel.
  • Erfaring med utvikling av undervisningsmateriell er ein fordel.
  • Erfaring frå arbeid i vitskaplege prosjekt utover doktorgraden er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar og kunne undervise på norsk.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • stilling som førsteamanuensis (kode 1011 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn frå kr ,- til kr Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Magne Olav Sydnes,

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Thea Thingnes, epost:

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner/menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Om Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre.

Søknadsfrist

  1. november 2025

Arbeidsgivar

Universitetet i Bergen

Kommune

Bergen

Omfang

Heiltid

Varigheit

Vikariat/mellombels

Arbeidsstad

Christiesgt. 18, 5020 Bergen

Ledige stillingar - Universitetet i Bergen



  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 900,000 - 1,200,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.FørsteamanuensisVed Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 400,000 - 600,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.FørsteamanuensisVed Institutt for designer det ledig ei...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 400,000 - 600,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.FørsteamanuensisVed Griegakademiet – Institutt for musikk er det...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 415,900 - 783,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Førsteamanuensis eller professor i helseøkonomiUniversitetet i...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 700,000 - 1,200,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Førsteamanuensis (innstegsstilling)Institutt for informatikk...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 560,000 - 800,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.FørsteamanuensisVed Institutt for design, Fakultet for kunst,...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 480,000 - 600,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Førsteamanuensis II i nordisk språk og litteraturVelkomen som...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 450,000 - 900,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Førsteamanuensis/universitetslektor (50 %)Ved Det medisinske...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 375,000 - 450,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Stipendiat i kulturvitskap ved Institutt for arkeologi, historie,...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 380,000 - 600,000 per year

    Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Om stillinga:Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig ei 60 %...