Kardiolog ved Voss sjukehus
6 days ago
Om stillinga
Voss sjukehus har ledig stilling som kardiolog.
Stillinga er knytt til medisinsk avdeling med moglegheit for deltaking i generell indremedisinsk bakvakt og er ledig frå mars 2026. Tilsetjing etter avtale.
Medisinsk avdeling
Medisinsk avdeling på Voss sjukehus har i dag spesialitetane lungemedisin, nefrologi, fordøyelsessjukdommar, geriatri og kardiologi. Avdelinga har sengepost med 20 senger, dagpost for medisinske kurar, velutstyrt og aktiv poliklinikk, dialyseavdeling og intensiv/overvakingsavdeling med 6 sengeplassar. Det arbeider 21 legar ved avdelinga: 7 overlegar, 8 LIS 2/3 og 6 LIS1. Me har kring polikliniske konsultasjonar fordelt på dei medisinske fagfelta og omlag 2000 innleggingar årleg.
Om Voss sjukehus:
Voss sjukehus har akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, medisin, føde, gynekologi og anestesi. Sjukehuset har hatt stor aktivitetsvekst og ynskjer å fortsetje den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag innbyggjarar, fordelt på 6 kommunar. I tillegg kjem det fleire pasientar frå Bergen og andre kommunar i indre Sogn.
Sjukehuset er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset er under stadig utvikling og har fine lokalitetar. Det er fire godt utstyrte operasjonsstover og sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv/rec., radiologi med CT- og MR lab., fysioterapi og laboratorium med blodbank.
Litt om Voss:
Voss herad aukar folketalet og har for tida innbyggarar. Staden har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar, samt ein flott golfbane. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Kulturlivet er rikt og variert, med Vossa Jazz, Heidrafest, Bluesfestival og Osafestival. Det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.
Å bu på Voss
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
Arbeidsgivar:
Helse Bergen HF
Stillingstittel:
Kardiolog
Stillingar:
1
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
Del på X
Del på Facebook
Arbeidsoppgåver
- Generell kardiologisk poliklinikk og generell sengepost
- Vurdering av tilvisingar
- Vakt, for tida 5 delt. Regulerast avhengig av antal overlegar i vakt
- Samarbeid med kardiologisk sjukepleiar som har eigen poliklinikk
- Rettleiing og undervisning av LIS2/3
Kvalifikasjonar
- Du har norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i kardiologi
- Du må meistre norsk språk både skriftleg og munnleg
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Du bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
- Du har engasjement for fagfeltet og ynskjer å vidareutvikle kompetansen din
Personlege eigenskapar
- Du likar å arbeide saman med andre, men synest pasientar og pårørande er dei viktigaste
- Du kommuniserer tydeleg og forståeleg med pasientar og andre samarbeidspartnarar
- Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeidar strukturert og målretta på jobb
- Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Godt fagleg miljø
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Voss sjukehus vil kunne hjelpe til med passande bustad
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Adresse:
Sjukehusvegen 16, 5704 Vossevangen, Norge
(i ny fane)
Kontaktinformasjon
Magnus Wiger Austefjord
Overlege
E-post:
Gro Lillegraven
Seksjonsoverlege
E-post:
gro.-
Om arbeidsgivaren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 500,000 - 600,000 per yearOm stillingaVoss sjukehus treng dyktige og engasjerte sjukepleiararVoss sjukehus eit lokalsjukehus med akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi, ortopedi, føde- og gynekologi. Her møter du høg aktivitet, fagleg utvikling og eit arbeidsmiljø prega av samarbeid og engasjement. Me er stolt leverandør av spesialisthelsetenester til 31000 innbyggjarar - i...
-
Fysioterapeut
6 days ago
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 550,000 per yearOm stillingaVoss Sjukehus har ledig % vikariat som fysioterapeut frå 1. november 2025 til 1. juni 2026, og med mogelegheit til forlenging Vi ser etter deg som er klar for ein spennande og aktiv kvardag i spesialisthelsetenesta, som trivast med varierte og utfordrande oppgåver. Om avdelingaSom fysioterapeut ved Voss Sjukehus er du organisert i Kirurgisk...
-
Søkjer bioingeniør i grunnstilling
6 days ago
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 600,000 per yearOm stillingaSer du etter ein jobb med variasjon innan fleire fagfelt og eit godt arbeidsmiljø?Laboratoriet ved Voss sjukehus har ledig 100% fast stilling som bioingeniør, og vi søkjer etter deg som ønskjer å vere med på å utvikle vårt medisinske laboratorium. Vi tilbyr ein variert og spanande arbeidskvardag med stor fagleg breidde, eit godt...
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 60,000 - 80,000 per yearOm stillingaVil du gjere ein forskjell for menneske som treng ekstra støtte og tryggleikt? Haukeland universitetssjukehus søker flere engasjerte tilkallingsvikarar som kan ta fastvakter til vårt teamVi ser etter deg som:Er omsorgsfull og sjølvstendigTrivst med å jobbe tett på menneskeEr i eit helsefagleg utdanningsløp eller har helsefagleg...
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full timeUiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Førsteamanuensis (20 % ekstraerverv) i medisin(kardiologi)Ved Det...
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen HF Full time 480,000 - 720,000 per yearOm stillinga Laboratorieklinikken treng fleire dyktige og engasjerte bioingeniørar Vi søker etter deg som ønsker fast fulltidsjobb i våre laboratorium. Vi søker også etter deg som ønsker å jobbe i sommarferien og i deltidsstilling ved sidan av studiar.Haukeland universitetssjukehus er ein av dei største tilbydarane av laboratorietenester i Noreg....
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 350,000 - 550,000 per yearOm stillingaVoss sjukehus har ledig 20% fast stilling som pleieassistent i medisinsk seksjon, sengepost. Me søkjer deg som har relevant erfaring innan helse. Dersom du til dømes er sjukepleiarstudent vil ei slik stilling gje deg erfaringar som du vil dra nytte av i utdanninga og inn i arbeidslivet. Lat ikkje denne moglegheita gå ifrå deg Medisinsk...
-
Medisinstudent med lisens
4 days ago
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 100,000 - 120,000 per yearOm stillingaKlinikk psykisk helsevern for barn og unge har fleire poliklinikkar og sengepostar. Klinikken tilbyr barn og unge opp til 18 år utgreiing og behandling av psykiske lidingar. BUP Voss er ein allmenn poliklinikk som dekker fem kommunar (Ulvik, Voss, Kvam, Vaksdal og Eidfjord). Poliklinikken har 21 tilsette, med ulik fagleg bakgrunn. Frå til har...
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 400,000 - 600,000 per yearOm stillingaDette er stillinga for deg som likar utfordringar og som vil bli så god sjukepleiar som mogleg Haukeland universitetssjukehus har gleda av å lyse ut nye stillingar til traineeprogrammet for nyutdanna sjukepleiarar med oppstart 15. juni Du får 100% fast jobb frå første arbeidsdag og sjølve traineeperioden går over 2 år. Det er eit styrt...
-
Helsesekretær
4 days ago
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 520,000 - 1,040,000 per yearOm stillingaHjarteklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er ei spesialavdeling der all utgreiing og behandling av hjartesjukdommar er samla. Hjarteklinikken driv med høgt spesialisert utgreiing og behandling innan følgjande område; ikkje-invasiv diagnostikk og behandling, thorax-kirurgi, intensiv- og overvaking, pacing, tachyarytmi, preventiv...