Søkjer bioingeniør i grunnstilling

6 days ago


Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 600,000 per year

Om stillinga

Ser du etter ein jobb med variasjon innan fleire fagfelt og eit godt arbeidsmiljø?

Laboratoriet ved Voss sjukehus har ledig 100% fast stilling som bioingeniør, og vi søkjer etter deg som ønskjer å vere med på å utvikle vårt medisinske laboratorium. Vi tilbyr ein variert og spanande arbeidskvardag med stor fagleg breidde, eit godt arbeidsmiljø og tett samarbeid med andre profesjonar på sjukehuset.

Kva kan vi tilby deg?

Fagleg mangfald: Du får arbeide innan fleire laboratoriefagfelt som gir høve til fagleg utvikling på tvers av spesialitetar. Laboratoriet omfattar mellom anna hematologi og koagulasjon, klinisk kjemi/immunkjemi, preanalyse og blodprøvetaking, transfusjonsmedisin og mikrobiologiske hurtigtestar. Vi tilbyr eit godt opplæringsprogram for nytilsette og legg til rette for vidare kompetansebygging.

Kjekt og inkluderande arbeidsmiljø: Hos oss møter du eit triveleg og engasjert team der vi støttar kvarandre, deler kunnskap og jobbar saman for å levere trygge og presise laboratorietenester.

Balanse mellom jobb og fritid: Turnusordninga gir rom for fleksibilitet og fri på dagtid i vekedagar.

Voss er omgitt av fin natur og har eit rikt utval av aktivitetar året rundt – frå fjellturar, sykling og rafting til alpint og paragliding. Her finn du ein arbeidskvardag som let seg kombinere med eit aktivt liv utanfor jobben. Som ein bonus får du årskort ved Voss Resort det første året, slik at du kan kombinere arbeid og fritid i dei flotte omgjevnadene rundt Voss.

Kultur og fellesskap: Voss har eit levande lokalmiljø med festivalar som Vossajazz, Ekstremsportveko og Voss Cup, samt eit breitt kulturtilbod og sterke idrettstradisjonar.

Konkurransedyktige lønns- og vilkår: Vi tilbyr løn etter overeinskomst, samt eigne tillegg som verdset både kompetanse og tilknyting. For deg som kjem utanfrå, har vi gode ordningar for bustad og flytting.

Voss – ei bygd i vekst

Voss er ikkje berre ein idyllisk stad å bu, men også eit knutepunkt for transport med god tilknyting til både Bergen og andre populære destinasjonar på Vestlandet. Togturen til Bergen tek berre 1 time og 15 minutt, og med bil er du der på om lag 1 time og 35 minutt.

Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande. Studentar som får autorisasjon til våren vert óg oppfordra og til å søkje.

Oppstart etter avtale.

Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF. For meir informasjon om sjukehuset, les her

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

Arbeidsgivar:

Helse Bergen HF

Stillingstittel:

Bioingeniør

Stillingar:

1

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

Del på X

Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

Som vaktgåande bioingeniør i turnus vil du i det daglege rullere mellom ulike fagspesifikke einingar innan feltet medisinsk biokjemi: preanalyse, klinisk kjemi/immunkjemi, hematologi og koagulasjon og pasientnær analysering.

Oppgåver knytte til transfusjonsmedisin og blodgivning inneber typing, screening og tapping av blodgivarar. Laboratoriet ved Voss sjukehus utfører óg ulike hurtigtestar innan fagområdet mikrobiologi.

Tilsette ved laboratoriet er ein del av traumeteamet på Voss sjukehus, noko som bidreg til å oppretthalde akuttfunksjonen ved sjukehuset. Laboratoriet ved Voss sjukehus er ein seksjon under Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi ved Haukeland universitetssjukehus. Rettleiing av studentar er difor òg ei viktig arbeidsoppgåve for tilsette på laboratoriet.

Det er arbeidshelg kvar 3. helg i tredelt turnus. Dette gir ei arbeidsveke på 35,5 time.

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon eller 3. års student som oppnår autorisasjon til våren
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
  • Oppteken av god pasientbehandling
  • Bidreg positivt til arbeidsmiljøet
  • Set pris på å samarbeide med kollegaer, men har óg evne til å ta sjølvstendige avgjerder

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsplass med breidde, variasjon og fagleg utvikling
  • Trygg og god opplæring for nytilsette
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre
  • Turnus
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode vilkår med tillegg som verdset både kompetanse og tilknytning
  • Rekrutterings- og behaldartillegg på kr ,- per år (regulerast etter stillingsstorleik)
  • Kompetansetillegg på kr 15 000,- per år ved oppstart av aleinevakter (aften og natt)
  • Hjelp til bustad og flytting, samt fordelar for deg som kjem til Voss
  • Leiligheit med dekka husleige inntil kr. 6000,- per månad mot binding i 18 månader
  • Bo- og flyttegodtgjersle på inntil kr ,- første 12 månader dersom leiligheitstilbodet ikkje blir nytta

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Adresse:

Sjukehusvegen 16, 5704 Vossevangen, Norge

(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Jesuni Jesunayagam

Seksjonsleiar

Telefon:

E-post:

jesuni.-

Ingunn Børø

Sjefbioingeniør

Telefon:

E-post:

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.



  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 600,000 per year

    Om stillingaVil du vere med på å sikre presis og trygg pasientbehandling – og samstundes utvikle deg fagleg i eit stort og variert laboratoriemiljø? Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) ved Haukeland universitetssjukehus har som oppdrag å levere laboratorieanalysar av høg kvalitet – til rett tid og med høg fagleg presisjon – for...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 375,000 - 450,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Stipendiat i kulturvitskap ved Institutt for arkeologi, historie,...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 200,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Universitetslektor (20 % ekstraerverv) i anestesiologi...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 580,000 - 1,000,000 per year

    Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Postdoktor i nordisk litteraturVi søkjer ein motivert og fagleg sterk...


  • Bergen, Vestland, Norway Vest politidistrikt Full time 450,000 - 600,000 per year

    Om stillingPST Vest søkjer ein strukturert og engasjert rådgjevar til ei fast stilling med varierte oppgaver innan både administrasjon og fag. Du vil ha ei sentral rolle i økonomi- og budsjettarbeid, planlegging og dokumentasjon, samt bidra fagleg i etterretningsprosessar. Stillinga gir stor variasjon og stort ansvar, og krev høg grad av diskresjon og...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 700,000 - 1,200,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Førsteamanuensis (innstegsstilling)Institutt for informatikk...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 480,000 - 600,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.UniversitetslektorVed Det medisinske fakultet, Universitetet i...


  • Bergen, Vestland, Norway Norway's best Full time 600,000 - 850,000 per year

    Vil du vere med og forme framtidas reiseliv?Norway's Best søkjer ein engasjert og fagleg trygg fagansvarleg berekraft som vil omsetje strategi til handling – og gjere berekraft til ein naturleg del av kvardagen vår. Dette er ei rolle for deg som ønskjer å skape reell påverknad i eit ambisiøst konsern i vekst – midt i hjartet av norsk reiseliv.Om...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 900,000 - 1,200,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.FørsteamanuensisVed Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 500,000 - 600,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Førsteamanuensis i organisk analytisk kjemi / naturstoffkjemi...