Bioingeniør ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi
6 days ago
Om stillinga
Vil du vere med på å sikre presis og trygg pasientbehandling – og samstundes utvikle deg fagleg i eit stort og variert laboratoriemiljø?
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) ved Haukeland universitetssjukehus har som oppdrag å levere laboratorieanalysar av høg kvalitet – til rett tid og med høg fagleg presisjon – for å støtte diagnostikk, behandling og oppfølging av pasientar. Vi er det største laboratoriet i Helse Bergen, med over 360 tilsette fordelt på ulike seksjoner og fagfelt.
Som bioingeniør hos oss blir du ein viktig del av dette arbeidet. Du får etter kvart varierte oppgåver innan både preanalytiske og analytiske prosessar, og moglegheit til å jobbe på tvers av fleire seksjonar. Analysearbeidet omfattar mellom anna automatisert biokjemi, hematologi og koagulasjon, hormon, porfyri- og proteinanalysar, rusmiddeltesting og pasientnær analysering. Dette gir deg god innsikt i breidda av laboratoriediagnostikk og moglegheit til å byggje erfaring innan ulike fagområde.
Vi legg til rette for rullering mellom seksjonar og gir rom for å utforske ulike metodar og spesialfelt – i den grad det lar seg kombinere med avdelingas behov og drift.
Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til trygg og presis pasientbehandling. Du er nysgjerrig på nye metodar, likar å lære, og set pris på å samarbeide med kollegaer. Vi ønskjer deg som bidreg positivt til arbeidsmiljøet, og har lyst til å gjere ein jobb som betyr noko for andre.
Aktuelle søkarar kontaktes fortløpande. Oppstart etter avtale.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
Arbeidsgivar:
Helse Bergen HF
Stillingstittel:
Bioingeniør
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
Del på X
Del på Facebook
Arbeidsoppgåver
Som bioingeniør hos oss vil du få ein variert arbeidskvardag med både preanalytiske og analytiske oppgåver. Du vil mellom anna jobbe med blodprøvetaking, prøvebehandling og analysearbeid innan ulike fagområde. Arbeidet gir god innsikt i breidda av laboratoriediagnostikk, og du får anledning til å utvikle deg gjennom praktisk erfaring i fleire delar av drifta.
Bioingeniørar i grunnstilling deltar i 3-delt vaktordning.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå medisinsk laboratoriearbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
- Interesse for teknologi og laboratoriemetodar
- Gjerne erfaring med eller interesse for kvalitetsarbeid, IT eller forbetringsarbeid
- Personlege eigenskaper vil bli lagt vekt på
Personlege eigenskapar
- Ønsker å bidra til eit viktig samfunnsoppdrag og gjere ein forskjell for pasientane
- Er nysgjerrig og open for å lære nye metodar og arbeidsområde
- Trivst med samarbeid og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Er strukturert og påliteleg i arbeidet – samstundes som du er open for å stille spørsmål og lære undervegs
- Kan arbeide sjølvstendig og organisere eigen arbeidsdag på ein effektiv måte
- Er positiv, ser etter løysingar og viser engasjement for faget
Vi tilbyr
- Eit inkluderande arbeidsmiljø
- Eit organisert opplæringsprogram
- Moglegheiter for rullering mellom seksjonar
- Lønn etter overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Adresse:
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Norge
(i ny fane)
Kontaktinformasjon
Ingunn Børø
Sjefbioingeniør
Telefon:
E-post:
Anne Grete Aune
Seksjonsleiar personal- og driftsstøtte
Telefon:
E-post:
Om arbeidsgivaren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
-
Fast LIS 2/3 stilling i medisinsk biokjemi
6 days ago
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 500,000 - 600,000 per yearOm stillingaVil du vere med å forme kva tenester laboratoriet skal tilby i framtida? Ønsker du ein legejobb der du i stor grad kan styre din eigen arbeidskvardag, med moglegheit for fordjuping i fleire medisinske problemstillingar? Som LIS hos oss får du moglegheit til å bidra til diagnostikk, utvikling og forsking innan eit fagfelt som stadig er i...
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 550,000 - 650,000 per yearOm stillingaAvdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er det største laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus og har om lag 370 tilsette. MBF har 12 analytiske og 3 ikkje-analytiske seksjonar, i tillegg til tre legegrupper (Medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og Klinisk farmakologi).Avdelinga utfører ei rekkje analysar innan fagområda...
-
Fagbioingeniør ved Preanalytisk seksjon
6 days ago
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 550,000 per yearOm stillingaAvdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ein av i alt åtte einingar som er organisert under Laboratorieklinikken i Helse Bergen, og har om lag 370 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 3 ikkje-analytiske seksjonar, tre legegrupper (medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi), i tillegg til NAPOS, NOKLUS Vest,...
-
Overlegestilling i klinisk farmakologi –
4 days ago
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 550,000 - 1,100,000 per yearOm stillingaFrå 1. januar 2026 har vi ledig to faste overlegestillingar ved Seksjon for klinisk farmakologi og RELIS Vest, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Haukeland universitetssjukehus.Seksjonen har eit breitt spekter av oppgåver innan rutinearbeid, forsking og undervisning, og er godkjend for hovudutdanning i spesialiteten klinisk...
-
Søkjer bioingeniør i grunnstilling
6 days ago
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 600,000 per yearOm stillingaSer du etter ein jobb med variasjon innan fleire fagfelt og eit godt arbeidsmiljø?Laboratoriet ved Voss sjukehus har ledig 100% fast stilling som bioingeniør, og vi søkjer etter deg som ønskjer å vere med på å utvikle vårt medisinske laboratorium. Vi tilbyr ein variert og spanande arbeidskvardag med stor fagleg breidde, eit godt...
-
Helsesekretær og sekretær
6 days ago
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 550,000 per yearOm stillingaHaukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar.Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst...
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen HF Full time 480,000 - 720,000 per yearOm stillinga Laboratorieklinikken treng fleire dyktige og engasjerte bioingeniørar Vi søker etter deg som ønsker fast fulltidsjobb i våre laboratorium. Vi søker også etter deg som ønsker å jobbe i sommarferien og i deltidsstilling ved sidan av studiar.Haukeland universitetssjukehus er ein av dei største tilbydarane av laboratorietenester i Noreg....
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 550,000 - 850,000 per yearKunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.RådgjevarI studieseksjonen ved Det medisinske fakultet er det ledig ei...
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full timeOm stillingaHar DU lyst på nye utfordringar? Er du student innan helsefag? Seksjon S3 er ein akutt, lukka post med 9 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Seksjon S3 si oppgåve er å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i...
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 550,000 per yearOm stillingaHar DU lyst på nye utfordringar? Er du student innan helsefag? Seksjon S3 er ein akutt, lukka post med 9 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Seksjon S3 si oppgåve er å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i...