Rådgjevar ved studieseksjonen, Det medisinske fakultet
6 days ago
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Rådgjevar
I studieseksjonen ved Det medisinske fakultet er det ledig ei fast 100 % stilling som rådgjevar. Stillinga har studieadministrative oppgåver knytt til studierettleiing, kvalitetssikring og drift av studieprogramma i odontologi og tannpleie.
Arbeidsoppgåver:
- Rolle som koordinator for Programutval for odontologiske fag: saksførebuing, innkallingar/referat, oppfølging av vedtak i utvalet.
- Rolle som studierettleiar og læringsmiljøkontakt for studentar på dei to studieprogramma.
- Sakshandsaming og utgreiing på studiefeltet.
- Kvalitets- og rutineutvikling.
- Informasjonsarbeid.
Du vil i samarbeid med både vitskaplege og administrative kollegaer ha ei viktig rolle i fakultetet sitt arbeid med å drifte og vidareutvikle dei to studieprogramma. Stillinga vil ha arbeidsplass både i studieseksjonen i fakultetsadministrasjonen og ved Institutt for klinisk odontologi.
Alle tilsette i administrasjonen vil, i tillegg til spesifikke funksjonar lagt til kvar stilling, måtte ta del i andre felles oppgåver og prosjekt i seksjonen. Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha minimum bachelorgrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
- Minst to års relevant erfaring frå administrativt arbeid er eit krav.
- Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren, og særleg studieadministrativt arbeid, er ein føremon.
- God digital kompetanse og ferdigheiter innan administrative IT-verktøy er eit krav.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (bokmål og nynorsk) og engelsk er eit krav.
Vi søkjer ein person som:
- har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar.
- er initiativrik, imøtekommande og løysingsorientert.
- er systematisk og ansvarleg, og kan arbeide sjølvstendig.
- har stor arbeidskapasitet og god evne til å følgje opp både fortløpande driftsoppgåver og prosessar som går over lenger tid.
- har evne til å raskt sette seg inn i nye arbeidsoppgåver, arbeidsprosessar og digitale system.
- vil bidra til det faglege og sosiale fellesskapet.
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn som rådgjevar (kode 1434) er for tida – For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til leiar av studieseksjonen, Martha Houen Dahle, tlf eller e-post
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Om Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter.
Søknadsfrist
- november 2025
Arbeidsgivar
Universitetet i Bergen
Kommune
Bergen
Omfang
Heiltid
Varigheit
Fast
Arbeidsstad
Haukelandsveien 28, 5009 Bergen
Ledige stillingar - Universitetet i Bergen
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 440,000 - 520,000 per yearKunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.SeniorkonsulentDet psykologiske fakultet ønskjer deg velkomen som søkjar...
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 900,000 - 1,200,000 per yearKunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Fakultetsdirektør ved Det psykologiske fakultetVi har ledig stilling som...
-
Rådgjevar
6 days ago
Bergen, Vestland, Norway bf-9f75-42b3-ac84-2eb4f085de43 Full time 454,000 per yearRådgjevingsavdelinga ved Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har ledig eit eittårig vikariat i 100 % stilling som rådgjevar. Stillinga er knytt til rådgjeving og formidling av hjelpemiddel og tilrettelegging for personar med sansetap. Oppgåvene gjeld hovudsakleg behov for kommunikasjonshjelpemiddel (ASK) og alternativ betening.Vi ser etter deg som...
-
Rådgjevar
2 days ago
Bergen, Vestland, Norway Vestland fylkeskommune Full time 550,000 - 1,320,000 per yearOm stillinga Skyss arbeider for å tilby eit berekraftig mobilitetssystem for innbyggarar og samfunn i Vestland. Vi skal redusere bruken av privatbil og gjere det enklare for at folk kan klare seg utan eigen bil.Skyss har no behov for ein erfaren rådgjevar som kan bidra til å styrke organisasjonen sin evne til å levere på strategiske mål i samsvar med...
-
Administrasjonssjef
6 days ago
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 550,000 - 650,000 per yearKunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.AdministrasjonssjefVed Klinisk institutt 2 (K2), Det medisinske fakultet,...
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 450,000 - 530,000 per yearKunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Om stillingaUniversitetet i Bergen (UiB) er eit by-universitet med campus...
-
Rådgjevar i PST Vest,
2 days ago
Bergen, Vestland, Norway Vest politidistrikt Full time 450,000 - 600,000 per yearOm stillingPST Vest søkjer ein strukturert og engasjert rådgjevar til ei fast stilling med varierte oppgaver innan både administrasjon og fag. Du vil ha ei sentral rolle i økonomi- og budsjettarbeid, planlegging og dokumentasjon, samt bidra fagleg i etterretningsprosessar. Stillinga gir stor variasjon og stort ansvar, og krev høg grad av diskresjon og...
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 600,000 per yearOm stillingaVil du vere med på å sikre presis og trygg pasientbehandling – og samstundes utvikle deg fagleg i eit stort og variert laboratoriemiljø? Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) ved Haukeland universitetssjukehus har som oppdrag å levere laboratorieanalysar av høg kvalitet – til rett tid og med høg fagleg presisjon – for...
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 485,000 - 965,000 per yearKunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.ForskarVed Institutt for informatikk er det ledig to mellombelse...
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 500,000 - 700,000 per yearUiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.UniversitetslektorVed Institutt for politikk og forvaltning,...