Rådgjevar
2 days ago
Om stillinga
Skyss arbeider for å tilby eit berekraftig mobilitetssystem for innbyggarar og samfunn i Vestland. Vi skal redusere bruken av privatbil og gjere det enklare for at folk kan klare seg utan eigen bil.
Skyss har no behov for ein erfaren rådgjevar som kan bidra til å styrke organisasjonen sin evne til å levere på strategiske mål i samsvar med fagstrategi og relevante målbilde. Du har solid organisasjonsforståing og evnar å kombinere fagleg innsikt, metodisk tilnærming og sterke mellommenneskelege ferdigheiter.
I Skyss blir du del av eit kompetent og engasjert arbeidsmiljø med godt rom for fagleg utvikling. Du vil samarbeide tett med leiarar og medarbeidarar på tvers av organisasjonen for å sikre heilskaplege og målretta utviklingsprosessar.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
Arbeidsgivar:
Vestland fylkeskommune
Stad:
Bergen
Stillingstittel:
Rådgjevar
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
Sosial deling :
Del på X
Del på LinkedIn
Del på Facebook
Del på e-post
Arbeidsoppgåver
Som rådgjevar i avdeling strategi og organisasjon vil du vere ein nøkkelressurs i vidareutviklinga av Skyss. Avdelinga er ei stabsfunksjon som har ansvar for intern og ekstern kommunikasjon og for å legge til rette for at organisasjonen er rigga for å levere på samfunnsoppdraget.
Sentrale oppgåver vil vere å:
- leie og fasilitere organisasjons- og endringsprosessar
- gi strategisk rådgjeving og leiarstøtte i utviklings- og endringsarbeid
- utvikle og implementere tiltak innan organisasjonskultur, kompetanse, struktur og arbeidsprosessar
- bidra til å gjennomføre tiltak frå overordna styringsdokument, organisasjonsstrategi og kompetansestrategi
- styrke og vidareutvikle ein god organisasjonskultur og eit inkluderande arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har
- høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande, gjerne innan organisasjon og leiing eller andre relevante fagområde
- erfaring med endringsleiing og utviklingsarbeid i organisasjonar
- god forståing for korleis digital transformasjon påvirkar organisatoriske behov
- kunnskap om strategisk kompetansestyring
- erfaring med prosjekt- og prosessleiing
Det er i tillegg ønskeleg at du har
- kjennskap til kollektivbransjen og/eller samferdselsektoren
- erfaring frå eller innsikt i offentleg sektor
Personlege eigenskapar
Du kjenner deg igjen i verdiane våre, som er open, kompetent og modig.
Vi treng deg som
- er engasjert i grøn omstilling og vil bidra i samfunnsutviklinga
- jobbar strukturert, sjølvstendig og har sterk gjennomføringsevne
- har gode samarbeidsevner og kommuniserer klart og tydeleg
- bidrar positivt til arbeidsmiljøet og kulturutvikling
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
- ei spennande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- løn etter avtale
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Andre opplysningar
- Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
- Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- Vi gjer merksam på at ifølge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren verte offentleggjorte sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak, vil du alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista vert offentleggjort.
Adresse:
Lars Hilles gate, Bergen, Norge
Opne vegbeskriving
(i ny fane)
Kontaktinformasjon
Vigdis Robak Bjørgo
Kons. leiar strategi og organisasjon
E-post:
Om arbeidsgivaren
Om Skyss
Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.
Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.
Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 5,7 milliardar kroner.
Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss
-
Rådgjevar
6 days ago
Bergen, Vestland, Norway bf-9f75-42b3-ac84-2eb4f085de43 Full time 454,000 per yearRådgjevingsavdelinga ved Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har ledig eit eittårig vikariat i 100 % stilling som rådgjevar. Stillinga er knytt til rådgjeving og formidling av hjelpemiddel og tilrettelegging for personar med sansetap. Oppgåvene gjeld hovudsakleg behov for kommunikasjonshjelpemiddel (ASK) og alternativ betening.Vi ser etter deg som...
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 550,000 - 850,000 per yearKunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.RådgjevarI studieseksjonen ved Det medisinske fakultet er det ledig ei...
-
Rådgjevar i PST Vest,
2 days ago
Bergen, Vestland, Norway Vest politidistrikt Full time 450,000 - 600,000 per yearOm stillingPST Vest søkjer ein strukturert og engasjert rådgjevar til ei fast stilling med varierte oppgaver innan både administrasjon og fag. Du vil ha ei sentral rolle i økonomi- og budsjettarbeid, planlegging og dokumentasjon, samt bidra fagleg i etterretningsprosessar. Stillinga gir stor variasjon og stort ansvar, og krev høg grad av diskresjon og...
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 450,000 - 530,000 per yearKunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Om stillingaUniversitetet i Bergen (UiB) er eit by-universitet med campus...
-
Bergen, Vestland, Norway The Directorate for Higher Education and Skills Full time 500,000 - 700,000 per yearnovember 2025språk1" class="language-switch-container ng-hide">Norsk NynorskNorsk NynorskHar du lyst å jobbe med profilering i HK-dir?Ledig stilling innan profilering av Noreg som samarbeids- og studielandsøk stillingenOm stillinga og avdelingaDirektoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har ledig ei fast stilling som rådgjevar i avdeling...
-
Kvalitetsrådgjevar i pasienttryggleik
2 days ago
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen HF Full time 440,000 - 880,000 per yearOm stillinga Vil du være med på laget for systematisk arbeid med kvalitet og pasienttryggleik på Haukeland Universitetssjukehus? Da kan dette være jobben for deg Haukeland universitetssjukehus prioriterar systematisk arbeid for kvalitet og pasienttryggleik. Seksjon for pasienttryggleik bidreg med å støtte leiinga og dei kliniske einingane i dette...
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 485,000 - 965,000 per yearKunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.ForskarVed Institutt for informatikk er det ledig to mellombelse...
-
Administrasjonssjef
6 days ago
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 550,000 - 650,000 per yearKunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.AdministrasjonssjefVed Klinisk institutt 2 (K2), Det medisinske fakultet,...
-
Bergen, Vestland, Norway The Directorate for Higher Education and Skills Full time 450,000 - 600,000 per yearnovember 2025språk1" class="language-switch-container ng-hide">Norsk NynorskNorsk NynorskEr du engasjert i internasjonalt utdanningssamarbeid – og vil bidra til å utvikle kvaliteten i norsk utdanning?Ledig stilling som rådgivar/seniorrådgivar innan internasjonalt utdanningssamarbeidsøk stillingenOm stillinga og avdelingaVi søkjer ein strukturert og...
-
Førsteamanuensis i organisk analytisk kjemi
6 days ago
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 500,000 - 600,000 per yearUiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Førsteamanuensis i organisk analytisk kjemi / naturstoffkjemi...