Helsesekretær og sekretær

1 week ago


Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 550,000 per year

Om stillinga

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar.

Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.

Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset.

Vi har ledig fast stilling ved desse avdelingane:

  • Lungeavdelinga
  • Kreftklinikken,Seksjon kontor
  • Øyane DPS
  • Laboratorieklinikken,Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF)

Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

Arbeidsgivar:

Helse Bergen HF

Stillingstittel:

Ledige faste stillingar for Helsesekretærar og sekretærar

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

Del på X

Del på Facebook

Lungeavdelinga

Vil du vere med og løfte Lungeavdelinga til nye høgder?

Kontorfagleg gruppe ved Lungeavdelinga består av 13 dyktige medarbeidarar som brenn for å gi våre lungesjuke pasientar eit godt møte med sjukehuset. Vi er sjølve navet i heile avdelinga, då vi jobbar tett på både pasientar og faggrupper og har ei sentral rolle i den daglege drifta. Arbeidskvardagen vår er prega av samarbeid, struktur og høg fagleg kvalitet.

Vi ser etter deg som har blikk for logistikk og god flyt i arbeidsprosessar, og som trivst med IKT-system og ønskjer å bidra til utvikling av digitale løysingar. Du er fleksibel, tek initiativ og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø med godt humør. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde, og helsefagleg bakgrunn er ein fordel, men ikkje eit krav.

Stillinga inneber varierte og meiningsfulle oppgåver som timekoordinering, pasientadministrasjon, telefonbetening og resepsjonsarbeid. Du vil samarbeide tett med ulike faggrupper i eit travelt og fagleg sterkt miljø, og møte pasientar i krevjande situasjonar med tryggleik og respekt. Vi ser etter ein kollega som tek ansvar i kvardagen, kommuniserer tydeleg og trivst med både pasientkontakt og samarbeid med kollegaer.

Er du vår nye kollega ved Lungepoliklinikken? Då håpar vi du søkjer

Kontakt: Kirsten Nøttingnes, tlf

Kreftklinikken, Seksjon kontor

Vi søkjer ein helsesekretær som tek ansvar i kvardagen og trivst med både pasientkontakt og samarbeid med kollegaer. Du møter menneske i krevjande situasjonar med tryggleik og respekt, jobbar strukturert og kommuniserer tydeleg. Arbeidsoppgåvene inkluderer timekoordinering, pasientadministrasjon, telefonbetening og resepsjonsarbeid, med moglegheit for blodprøvetaking på sikt. Vi ser etter deg som bidreg til ein ryddig og effektiv arbeidsdag, er fleksible og tek ting på strak arm og spreier godt humør i det dyktige og trivelege teamet vårt. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Arbeidstid: 08:00-15:30 med enkelte seinvakter 10:30-18:00.

Kontakt: May Frida Bosch, tlf

Øyane DPS

Serviceseksjonen ved Øyane DPS søkjer ny medarbeider. Siden seksjonen vår er liten, må ein vera innstilt på å læra seg/arbeide med alle kontorfaglege oppgåver som kjem vår veg. Vi ønsker å ta godt imot pasientene på telefon og i luken, vi har sentrale oppgåver knytta til kvalitet og pasientsikkerhet. Personlege eigenskapar vert vektlagt. Vi ønsker deg som bidrar godt i arbeidsmiljøet, beholder roen når det koker, elsker DIPS, og er løysingsorientert. Vi gler oss til å lesa din søknad

Kontakt: Sigrid-Marie Mikkelsen, tlf

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ei av åtte einingar organisert under Laboratorieklinikken. Vi utfører årlig om lag 8.5 millionar analyser innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi. Arbeidet frå store automatiserte instrument med store prøvemengder til manuelle metoder med få og tidkrevande analyser. Avdelinga har ledig stilling som autorisert helsesekretær med varierte arbeidsoppgaver. Stillinga passer for deg som har erfaring i blodprøvetaking, som trivst med pasientkontakt og er opptatt av kvalitet. Vi søker deg som er ein lagspelar, og som ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Tillit, ansvar og sjølstende er viktig for oss - personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Kontakt: Anne Grete Aune, tlf eller Ingunn Børø tlf,

Arbeidsoppgåvene kan variere frå avdeling til avdeling

  • Pasientadministrative oppgaver
  • Telefon/resepsjonsteneste
  • Bestilling av transport/overnatting/tolk med meir
  • Økonomisk oppgjer
  • Yte service til pasientar, pårørande og kollegaer
  • Administrative oppgåver som til dømes bestilling av utstyr

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsesekretær, medisinsk sekretær, sekretær
  • Helsesekretær må ha norsk autorisasjon
  • Relevant sjukehuserfaring er ønskeleg men ikkje eit krav
  • Du må ha gode IKT-kunnskapar
  • Kunnskap og erfaring med IKT-systema vi nyttar i Helse Bergen (t.d. Dips, Libra) vil vere ein fordel
  • Du må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Nøyaktigheit
  • Serviceinnstilling
  • Fleksibel og evne til å ta utfordringar
  • Kunne arbeide sjølvstendig og i team

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Adresse:

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Norge

(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Cathrine Fauske Haferkamp

Seksjonsleiar

Telefon:

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.



  • Bergen, Vestland, Norway DeepOcean Full time 450,000 - 550,000 per year

    Avonova Helse AS, Avonova ÅlesundBergenOm jobbenType ansettelseVikariat, heltid 100%ArbeidsspråkNorsk eller engelskAntall stillinger1ArbeidsstedHjemmekontor ikke muligSøk senest lørdag 13. desemberI Bergen har vi nå et vikariat for en helsesekretær som skal i permisjon. Oppstart er senest og varighet ut februar 2026.Som helsesekretær i Avonova er dine...

  • Helsesekretær

    6 days ago


    Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 520,000 - 1,040,000 per year

    Om stillingaHjarteklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er ei spesialavdeling der all utgreiing og behandling av hjartesjukdommar er samla. Hjarteklinikken driv med høgt spesialisert utgreiing og behandling innan følgjande område; ikkje-invasiv diagnostikk og behandling, thorax-kirurgi, intensiv- og overvaking, pacing, tachyarytmi, preventiv...


  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 550,000 per year

    Om stillingaHaukeland universitetssjukehus treng dyktig og engasjert helsesekretær.Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg...


  • Bergen, Vestland, Norway Avonova Norge Full time 450,000 - 600,000 per year

    Om arbeidsplassenAvonova er Nordens største bedriftshelsetjeneste (BHT). Hver dag – tidlig og sent – ønsker vi å utgjøre en reell forskjell for tusenvis av arbeidstakere, i tråd med samfunnsoppdraget vi skal levere på. Derfor finner du oss i totalt 130 byer i Norge, Sverige og Finland, tett på våre kunder og samarbeidspartnere. Med ledende...


  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time

    Om stillingaVed BUP Fana er det ledig 40% vikariat for kontorfagleg til juli 2026.BUP Fana ligg sentralt på Nesttun. Vi er samlokalisert med BUP Ytrebygda og har felles ekspedisjon- og telefonteneste. Det vil sei at du blir del av eit større fellesskap med 7 kontorfaglege frå både BUP Fana og BUP Ytrebygda som samarbeider om å løyse oppgåver knytta...

  • Administrasjonssjef

    1 week ago


    Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 550,000 - 650,000 per year

    Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.AdministrasjonssjefVed Klinisk institutt 2 (K2), Det medisinske fakultet,...


  • Bergen, Norway DeepOcean Full time 450,000 - 550,000 per year

    Biskopshavn Legesenter AsBreiviksbakken 1b, 5042 BergenOm jobbenBiskopshavn Legesenter søker autorisert helsesekretær til vikariat med mulighet for fast ansettelse.Er du en engasjert og positiv helsesekretær som ønsker å være med på å gjøre en forskjell i hverdagen til våre pasienter? Da vil vi gjerne høre fra degHos Biskopshavn Legesenter er vi...


  • Bergen, Norway DeepOcean Full time 500,000 - 600,000 per year

    Avonova Helse AS, Avonova BergenMinde Alle 35, 5068 BergenOm jobbenType ansettelseFast, heltid 100%ArbeidsspråkNorskAntall stillinger1ArbeidsstedHybridkontorSøk senest tirsdag 23. desemberEr du en lege som drives av å gjøre en forskjell og som samtidig ønsker å bruke din erfaring og kunnskap i et fagmiljø med fokus på forebygging? Ønsker du...