Fast LIS 2/3 stilling i medisinsk biokjemi

6 days ago


Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 500,000 - 600,000 per year

Om stillinga

Vil du vere med å forme kva tenester laboratoriet skal tilby i framtida? Ønsker du ein legejobb der du i stor grad kan styre din eigen arbeidskvardag, med moglegheit for fordjuping i fleire medisinske problemstillingar? Som LIS hos oss får du moglegheit til å bidra til diagnostikk, utvikling og forsking innan eit fagfelt som stadig er i endring.

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi tilbyr eit breitt spekter av diagnostiske tenester som dekker alle fagområda innan medisinsk biokjemi. Avdelinga driv og forskings- og utviklingsaktivitet knytt til fleire av fagområda. Avdelinga har tre legegrupper: Seksjon for medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet si legegruppe, og seksjon for klinisk farmakologi. Stillinga er knytt til legegruppa i medisinsk biokjemi, som i dag har 7,2 overlegestillingar og to LIS. Totalt har avdelinga 350 tilsette derav 12 analytiske seksjonar, kvalitetsgruppe, IT-gruppe og stabsfunksjonar.

I tillegg har vi medisinsk fagleg rådgiving i medisinsk biokjemi ved laboratoriet ved Haraldsplass Diakonale sykehus (HDS).

Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.

Oppstart: eller etter avtale

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

Arbeidsgivar:

Helse Bergen HF

Stillingstittel:

LIS 2/3 i medisinsk biokjemi

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

Del på X

Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

  • Vaktordning på dagtid (8-16)
  • Vurdering og kommentering av analysar
  • Rådgiving og rettleiing til rekvirerande legar og andre
  • Delta i arbeid knytta til metodeutvikling, referansegrenser, kvalitetsutvikling og etablering av nye analysar
  • Gjennomføre oppgåver i samband med akkreditering og kvalitetssikring
  • Moglegheit for fordjuping innan avdelinga sine fagområde
  • Bidra med undervisning av andre tilsette i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i medisinsk biokjemi
  • Teneste ved laboratorium vil bli vektlagd
  • Søkar må meistre norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg (Det blir kravd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten B2)
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Søkar bør kunne utarbeide skriftleg informasjon på nynorsk

Personlege eigenskapar

  • Interesse og motivasjon for fagfeltet medisinsk biokjemi
  • Du tar initiativ til forbetring/utvikling
  • God fagleg vurderingsevne og evne til å arbeide strukturert og målretta
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor kollegaer og samarbeidspartnarar
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
  • God oversikt over eigne oppgåver og klarer å prioritere mellom desse
  • Du kan følge opp delegerte oppgåver

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og Dnlf
  • Spesialistutdanning i medisinsk biokjemi inkludert sideutdanning dersom behov
  • Fagleg utvikling og moglegheit for fagleg fordjuping innan særskilde fagområde i medisinsk biokjemi
  • Gode moglegheiter for forsking innan vår forskingsverksemd
  • Triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Adresse:

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Norge

(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Kristin Holstad

Seksjonsoverlege

Telefon:

E-post:

kristin.-

Hege Hoff Skavøy

Avdelingssjef

Telefon:

E-post:

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.



  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 600,000 per year

    Om stillingaVil du vere med på å sikre presis og trygg pasientbehandling – og samstundes utvikle deg fagleg i eit stort og variert laboratoriemiljø? Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) ved Haukeland universitetssjukehus har som oppdrag å levere laboratorieanalysar av høg kvalitet – til rett tid og med høg fagleg presisjon – for...


  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 600,000 per year

    Om stillingaHei, vi utviklar Nevrologien på Haukeland – vil du vere med på laget? Nevrologi er eit spennande, allsidig og travelt fag. Kunnskap om hjernehelse er aukande etterspurt i samfunnet. Vi løyser utfordringar saman på tvers av yrkesgrupper. Vi tar raske avgjerder der det trengs, og gjer djupdykk i pasienthistoriar og litteratur for å avklare...

  • LIS2/3 i patologi

    2 days ago


    Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 600,000 per year

    Om stillingaVi har ledig 12 månaders vikariat for lege i spesialisering 2/3 med mogleg forlenging. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga. Vikariata er ledig frå , men det er mogleg med fleksibel oppstart etter nærare avtale. LIS1 med interesse for patologi som er ferdig i løpet av vinteren oppmodast til å søke. Kunne du tenke deg...


  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 100,000 - 150,000 per year

    Om stillingaHelse Bergentreng fleire dyktige og engasjerte helsefagarbeidarar Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet. Når du blir tilsett i Helse Bergen, er det viktig for både oss og deg at du får ein trygg og god start. Vi tilbyr deg ein arbeidsplass med høg...


  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 550,000 per year

    Om stillingaHaukeland universitetssjukehus treng dyktig og engasjert helsesekretær.Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg...


  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 550,000 per year

    Om stillingaAvdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ein av i alt åtte einingar som er organisert under Laboratorieklinikken i Helse Bergen, og har om lag 370 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 3 ikkje-analytiske seksjonar, tre legegrupper (medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi), i tillegg til NAPOS, NOKLUS Vest,...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 450,000 - 600,000 per year

    Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med...


  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 550,000 - 650,000 per year

    Om stillingaAvdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er det største laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus og har om lag 370 tilsette. MBF har 12 analytiske og 3 ikkje-analytiske seksjonar, i tillegg til tre legegrupper (Medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og Klinisk farmakologi).Avdelinga utfører ei rekkje analysar innan fagområda...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 550,000 - 850,000 per year

    Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.RådgjevarI studieseksjonen ved Det medisinske fakultet er det ledig ei...


  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 600,000 per year

    Om stillingaSer du etter ein jobb med variasjon innan fleire fagfelt og eit godt arbeidsmiljø?Laboratoriet ved Voss sjukehus har ledig 100% fast stilling som bioingeniør, og vi søkjer etter deg som ønskjer å vere med på å utvikle vårt medisinske laboratorium. Vi tilbyr ein variert og spanande arbeidskvardag med stor fagleg breidde, eit godt...