Helsefagarbeidar til 100 fast stilling

6 days ago


Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 100,000 - 150,000 per year

Om stillinga

Helse Bergentreng fleire dyktige og engasjerte helsefagarbeidarar

Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet. Når du blir tilsett i Helse Bergen, er det viktig for både oss og deg at du får ein trygg og god start. Vi tilbyr deg ein arbeidsplass med høg fagleg standard og moglegheiter for å vidareutvikle kompetansen din.

Vi har ledige stillingar ved desse avdelingane:

  • Medisinsk klinikk, Seksjon for infeksjonssjukdommar - Medisinsk Overvakingseining (MOE) – post 6
  • Klinikk hovud-hals, Hovud-hals og auge sengepost

Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.

Det er krav om Norsk autorisasjon ved oppstart i stillinga.

For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

Arbeidsgivar:

Helse Bergen HF

Stad:

Bergen

Stillingstittel:

Faste stillingar for helsefagarbeidar

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

Del på X

Del på Facebook

Seksjon for infeksjonssjukdommar - Medisinsk Overvakingseining (MOE), post 6 er ein av to infeksjonspostar på sjukehuset og er akuttpost der vi behandlar mellom anna inntil 10 pasientar med alvorlege medisinske tilstandar som blodforgifting, hjernehinnebetennelse, respirasjons- og sirkulasjonsforstyrringar. Vi behandlar også ulike infeksjonar som diaré, sår, tropesjukdommar, immunsvikt, influensa og infeksjon på hjarteklaffar. Sengene våre er fordelt på fire einerom, eit tomannsrom og fire sengar på ei overvakingsstove. Vi har og to luftsmitteisolat. Pasientromma våre har slusesystem, som gjer at dei fleste romma kan bli brukt som isolat.

Kontakt: Hilde M. Dale, Tlf

Hovud-hals og auge sengeposthar ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar/hjelpepleiar, pt. i 2-delt turnus.

Dette er ei kirurgisk og medisinsk avdeling med 27 sengeplassar, og 3 fagområder: Øyre/nase/hals, kjeve og auge. Det er ein spennande avdeling med stor variasjon av prosedyrar og oppgåvedeling av sjukepleieprosedyrar, og vi har hovudansvar for tracheostomipasientar.

Vi har eit godt arbeidsmiljø og teamarbeidsklima med god trivsel. Det er vekentlege undervisningar på dei ulike fagfelt og undervisning av akutte hendingar. Vår fagsjukepleiar bidrar med kompetanseplanar og opplæring. Det blir sørga for god opplæring med fadderordning.

Du kan gjerne sjå bilete på vår Instagram side "hovud/hals/auge" og sjå video av avdelinga vår på Helse Bergens Instagram side. Ta kontakt om du ønsker ei omvisning i avdelinga.

Kontakt: Natallia Pashkouskaya, tlf /Kjersti Walde, tlf

Arbeidsoppgåver

  • Omsorg og oppfølging av pasientar
  • Samarbeid med sjukepleiar/legar og anna helsepersonell for å sikre heilhetleg behandling
  • Rettleiing og støtte til pasientar, pårørande og lærlingar
  • Bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagleg utvikling i teamet

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Erfaring frå sjukehus er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Gode kommunikasjonsevner og evne til å arbeide i team
  • Engasjement for pasientbehandling og kontinuerleg læring
  • Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarande

Vi ser etter:

  • Vi søker etter engasjerte medarbeidarar som har evne til å arbeide systematisk og målretta
  • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad. Du må vere fleksibel og ha gode samarbeidsevner, men må også kunne jobbe sjølvstendig
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, empatisk og omsorgsfull, med evne til å sette pasientane i fokus

Vi tilbyr:

  • Spennande arbeidsoppgåver med moglegheit for vidareutdanning
  • Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Du vil inngå i drifta ved avdelinga
  • Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Adresse:

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Norge

(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson

oppgitt for dei enkelte stillingane

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.



  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 550,000 per year

    Om stillingaSeksjon S3 er ein akutt, lukka post med 9 sengeplassar og intensiv eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Seksjon S3 si oppgåve er å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med...


  • Bergen, Vestland, Norway Evidensia Norway Full time 450,000 - 600,000 per year

    Vi er en klinikk i lyse, flotte lokaler like ved sjøen i Bergen sentrum. Klinikken har fokus på kvalitet, kompetanse, personlig service og omsorg for våre pasienter og deres eiere. Klinikken består av et godt team med 6 veterinærer, 3 autoriserte dyrepleiere, 1 dyrepleierstudent, 1 sertifisert rehabiliteringsterapeut og 1 lærling i dyrefag. Klinikken...


  • Bergen, Vestland, Norway Evidensia Norway Full time 450,000 - 550,000 per year

    Evidensia Sandviken Dyreklinikk er en dyreklinikk i lyse og flotte lokaler, like ved sjøen, i hjertet av Sandviken, Bergen. Klinikken har fokus på godt arbeidsmiljø, kvalitet, kompetanse, personlig service og omsorg for våre pasienter og deres eiere. Klinikken består av et fantastisk team med 6 veterinærer, 3 autoriserte dyrepleiere, 1 autorisert...


  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 550,000 per year

    Om stillingaHaukeland universitetssjukehus treng dyktig og engasjert helsesekretær.Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg...


  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time

    Om stillingaHar DU lyst på nye utfordringar? Er du student innan helsefag? Seksjon S3 er ein akutt, lukka post med 9 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Seksjon S3 si oppgåve er å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i...


  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 550,000 per year

    Om stillingaHar DU lyst på nye utfordringar? Er du student innan helsefag? Seksjon S3 er ein akutt, lukka post med 9 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Seksjon S3 si oppgåve er å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i...


  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen HF Full time 450,000 - 600,000 per year

    Om stillinga Vil du vere med og utvikle eit nytt behandlingstilbod innan psykisk helsevern?Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen etablerer no ein ny lukka sengepost med 8 plassar i Sandvikenområdet – den første byggesteinen i utviklinga av Program Psykisk helsevern for framtida – Nye Sandviken. Dette markerer starten på eit nytt kapittel for...


  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time

    Om stillingaDette er stillinga for deg som ønsker ein kick-start på karrieren din som vernepleiar. Her får du ein spennande og utfordrande jobb og god fagleg utvikling.Haukeland universitetssjukehus har gleda av å lyse ut nye stillingar til traineeprogrammet for nyutdanna vernepleiarar med oppstart 15. juni Du får 100% fast jobb frå første arbeidsdag...


  • Bergen, Vestland, Norway DeepOcean Full time

    Bk Frakt AsBergenOm jobbenBergen: Søker sjåfør kl C distribusjonssjåfør. Trenger en sjåfør til rute på Osterøy/Nesttun. Liftbil med sidelasting. Lastested er fleslandsområdet.StillingstittelDistribusjonssjåførOppstartoktober 2025Type ansettelseFast, heltid 100%ArbeidstidDagtid, ukedagerArbeidsspråkNorsk, skandinavisk eller engelskAntall...


  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 400,000 - 600,000 per year

    Om stillingaDette er stillinga for deg som likar utfordringar og som vil bli så god sjukepleiar som mogleg Haukeland universitetssjukehus har gleda av å lyse ut nye stillingar til traineeprogrammet for nyutdanna sjukepleiarar med oppstart 15. juni Du får 100% fast jobb frå første arbeidsdag og sjølve traineeperioden går over 2 år. Det er eit styrt...