Overbioingeniør
6 days ago
Ved Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank, LMBB, i Førde er det ledig stilling for:
Overbioingeniør i 100 % fast stilling
LMBB er ei felles avdeling på tvers av sjukehusa i Helse Førde med seksjonar i Førde, Lærdal og Nordfjord.
Avdelinga er ei viktig og sentral avdeling i Helse Førde, og bidrar døgnet rundt med analyser av høg kvalitet slik at både sjukehusavdelingar og legekontor kan sikre riktig diagnose og god pasientbehandling.
Her får du:
- Variert arbeid innan medisinsk biokjemi og transfusjonsmedisin
- Tett samarbeid med erfarne kollegaer i eit team på ca. 35 dedikerte medarbeidarar (bioingeniørar, helsesekretærar, legar og sjukepleiarar)
- Arbeide med topp moderne utstyr og automasjon
Førde – din nye by:
- Ein sjarmerande by med rikt kulturtilbod, butikkar, restaurantar og arrangement
- Fantastisk tilgang til naturen: toppturar, skianlegg, båtliv og fiske rett utanfor døra
- Sentralt plassert mellom Ålesund og Bergen. Oslo er berre ein kort flytur unna
Sosialt miljø:
Bli med på buldring, jogging, quiz, kampsport og andre kjekke og sosiale aktivitetar saman med kollegaer.
Er du klar for nye og spennande arbeidsoppgåver? Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga - og bli ein del av vårt team
Startdato eller etter avtale.
Vi gledar oss til å bli kjent med deg
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
Arbeidsgivar:
Helse Førde
Stad:
Førde
Stillingstittel:
Overbioingeniør
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
Arbeidsoppgåver
- Kvalitetsansvar innan medisinsk biokjemi
- Fagansvar for spesialanalysar (bl.a elektroforese og S100B)
- Ansvar for vekter, pipetter, sentrifuger og liknande småutstyr
- Opplæring og rettleiing av tilsette og studentar
- Delta i rutinearbeid
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som bioingeniør
- Erfaring innan medisinsk biokjemi og kvalitetsarbeid i medisinsk laboratorium er ein fordel
- Kunnskap og interesse for fagområdet og kvalitetsarbeid
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Kunnskapsrik og engasjert
- Pådrivar og diskusjonspartner i kvalitetsarbeidet i avdelinga
- Arbeider målretta og strukturert
- Bidreg positivt til eit godt miljø, fagleg og kollegialt
- Arbeider godt sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
- Høve til opplæring og kompetanseutvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Arbeid i IA-bedrift
- Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Adresse:
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Norge
Kontaktinformasjon
Robin-Andre Sørland
Avdelingssjef
Telefon:
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
-
Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time 600,000 - 700,000 per yearLab. medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) er ei fellesavdeling på tvers av sjukehusa i Helse Førde med seksjonar i Førde, Lærdal og Nordfjord.LMBB er ei viktig og sentral avdeling i Helse Førde, og bidrar døgnet rundt med analyser av høg kvalitet slik at både sjukehusavdelingar og legekontor kan sikre riktig diagnose og god pasientbehandling.Her...