Fagbioingeniør medisinsk biokjemi, Bioingeniør II
1 week ago
Lab. medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) er ei fellesavdeling på tvers av sjukehusa i Helse Førde med seksjonar i Førde, Lærdal og Nordfjord.
LMBB er ei viktig og sentral avdeling i Helse Førde, og bidrar døgnet rundt med analyser av høg kvalitet slik at både sjukehusavdelingar og legekontor kan sikre riktig diagnose og god pasientbehandling.
Her får du:
- Variert arbeid innan medisinsk biokjemi og transfusjonsmedisin
- Tett samarbeid med erfarne kollegaer i eit team på ca. 35 dedikerte medarbeidarar (bioingeniørar, helsesekretærar, legar og sjukepleiarar)
- Tredelt turnus, grundig opplæring og du er aldri aleine på vakt
- Arbeide med topp moderne utstyr og automasjon
Førde – din nye by:
- Ein sjarmerande by med rikt kulturtilbod, butikkar, restaurantar og arrangement
- Fantastisk tilgang til naturen: toppturar, skianlegg, båtliv og fiske rett utanfor døra
- Sentralt plassert mellom Ålesund og Bergen. Oslo er berre ein kort flytur unna
Sosialt miljø:
Bli med på buldring, jogging, quiz, kampsport og andre kjekke og sosiale aktivitetar saman med kollegaer.
Er du klar for nye og spennande arbeidsoppgåver ? Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga - og bli ein del av vårt team
Startdato eller etter avtale.Vi gledar oss til å bli kjent med deg
Sjå video for å bli kjent med oss påLMBB Førde
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
Arbeidsgivar:
Helse Førde
Stillingstittel:
Fagbioingeniør medisinsk biokjemi, Bioingeniør II
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
Arbeidsoppgåver
- Fagleg medansvar for pasientnær analysering, preanalyse og automasjon
- Stedfortredar for overbioingeniør
- Opplæring av tilsette og studentar
- Delta i rutinearbeid i avdelinga
- Delta i avdelinga sin vaktturnus
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som bioingeniør
- Erfaring innan medisinsk biokjemi er ein fordel
- Kunnskap og interesse for PNA, preanalyse og automasjon
- God IT-kompetanse
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjert og lærevillig
- Jobbar strukturert og målretta
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
- Må trivast i eit aktivt miljø med varierte arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- Høve til opplæring og kompetanseutvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Arbeid i IA-bedrift
- Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Adresse:
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Norge
Kontaktinformasjon
Robin-Andre Sørland
Avdelingssjef
Telefon:
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
-
Fagbioingeniør
5 hours ago
Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full timeLaboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) ved Lærdal sjukehus har ledig 100% fast stilling som fagbioingeniør med fagområde hematologi, koagulasjon og urinar. Stillinga ledig frå , med moglegheit for oppstart etter nærare avtale.Fagbioingniør har ansvar for drift, vedlikehald, kvalitetssystem og prosedyrer for analyseinstrumenta Sysmex,...
-
Bioingeniør, bioingeniørstudent
1 week ago
Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time 450,000 - 550,000 per yearLaboratorieavdelingane ved Førde sentralsjukehus søkjer vikarar til sommarferien 2026.Vi treng fleire dyktige og engasjerte medarbeidarar – og søkjer deg som ønskjer å jobbe i sommarferien.Om ossHelse Førde tilbyr eit breitt spekter av analyser innan ulike fagområde. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår. Vi arbeider for å knytte til oss...
-
Overbioingeniør
6 days ago
Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time 450,000 - 600,000 per yearVed Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank, LMBB, i Førde er det ledig stilling for:Overbioingeniør i 100 % fast stillingLMBB er ei felles avdeling på tvers av sjukehusa i Helse Førde med seksjonar i Førde, Lærdal og Nordfjord.Avdelinga er ei viktig og sentral avdeling i Helse Førde, og bidrar døgnet rundt med analyser av høg kvalitet slik...
-
Bioingeniør
6 hours ago
Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full timeVil du vere med å bidra til framtidas kreftdiagnostikk?Avdeling for patologi ved Helse Førde søkjer ein engasjert bioingeniør som vil bidra til presis diagnostikk for våre pasientar – og bli ein del av eit fagmiljø i spennande utvikling. Vi har ledig 100% fast stilling som bioingeniør frå Oppstart etter avtale.Vi oppfordrar 3. års...