Vi søkjer radiografar til Førde sentralsjukehus

1 week ago


Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time 400,000 - 600,000 per year

Vil du vere del av ei radiologisk avdeling der alle kjenner alle? Ønsker du breidde i arbeidsdagen, der du får jobbe innan ulike fagområde og modalitetar? Få ein meiningsfull og variert arbeidskvardag samtidig som du bur midt i livets leikeplass: Vestlandet

Vi har ledig radiografstillingar ved Førde sentralsjukehus:

  • 2 x 100% vikariat i perioden
  • Dato for første arbeidsdag er fleksibel og kan avtalast

Stillingane inneheld radiograffagleg arbeid innan røntgen, intervensjon/gjennomlysing, CT og ultralyd. Stillingane er del av ein 3-delt turnus (35,5 t/veke) med arbeid kveld, natt og kvar 3.-4. helg. Det er også moglegheit for opplæring og rullering innom MR eller mammografi.

Trivsel og kvalitet

Ved Radiologisk avdeling ved Førde sentralsjukehus er vi opptatt av at du skal trivast saman med kollegaene dine, samtidig som du opplever fagleg utvikling og meistring i jobben. Vi har stort fokus på kvalitet, og jobbar aktivt for god pasientflyt og at pasienten kjenner seg ivaretatt.

Kva kan vi tilby?

  • Vi set trivsel høgt og er ein arbeidsplass med flotte kollegaer og mykje humor. Vi har eigen trivselskomité som fiksar julebord, sommarfest og andre sosiale samankomstar. Ikkje bli overraska om vaffellukta brer seg på personalrommet.
  • Her er ingen spørsmål dumme, og det er låg terskel for å be ein kollega om råd eller støtte.
  • Sidan du rullerar og er innom fleire fagområde og modalitetar, vil du få ein variert arbeidskvardag og brei erfaring.
  • Du får konkurransedyktig løn, samt gode pensjons- og forsikringsordningar.

Her kan du bli betre kjent med oss, samt få 10 gode grunnar til å jobbe i Førde .

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

Arbeidsgivar:

Helse Førde

Stad:

Førde

Stillingstittel:

Radiografar til Førde sentralsjukehus

Stillingar:

2

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Vikariat

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

Startdato:

Sluttdato:

Kven ser vi etter

God kommunikasjon er kanskje ein av dine viktigaste styrkar, då det er avgjerande for å vere flink med pasientar, fungere med kollegaer og mot andre avdelingar og profesjonar. Du viser engasjement og interesse for faget og trivst med å jobbe innan ulike fagområde og modalitetar. Det er krav om norsk autorisasjon som radiograf.

Bu midt i livets leikeplass: Vestlandet

I Sunnfjord bur du midt i eit friluftseldorado med kort veg til toppturar, klatring, stisykling, kajakkpadling og andre aktivitetar. I løpet av ei helg kan du oppleve både strender i verdsklasse og fjellturar du elles berre ser på instagram.

Her er også urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, treningssenter, kaféliv, kulturliv, teater og konsertar. Vi har flyplass og eit godt utbygd kollektivtilbod, og Bergen ligg tre timar unna med bil. I Sunnfjord vil du oppleve ein enkel kvardagslogistikk med korte avstandar til det meste.

Seksjonen har omlag 50 tilsette, der 30 er radiografar. Vi har 2 CT-maskiner, 2 MR-maskiner (1,5T og 3T), 3 konvensjonelle røntgen apparat, 2 digitale mobile apparat, 2 mammografiapparat (klinisk og screening), gjennomlysing/intervensjon/angio, samt 3 ultralyd apparat. Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar innan dei fleste fagområda. Sjå .

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Adresse:

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Norge

Kontaktinformasjon

Reidun Brekke

Seksjonsleiar FSS

Telefon:

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.



  • Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time 450,000 - 550,000 per year

    Ekspedisjonen ved Førde sentralsjukehus søkjer engasjerte og serviceinnstilte ferievikarar til sommaren 2026.Periode: Arbeidstid: 3-delt turnusEkspedisjonen finn du ved hovudinngangen til Førde sentralsjukehus. Der bemannar vi resepsjonen, ansvar for kassefunksjon og utfører mellom anna pasientverttenester. Vi har og ansvar for sentralbordtenestene ved...


  • Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time 550,000 - 650,000 per year

    Radiologisk avdeling i Førde tilbyr ein meiningsfull og interessant arbeidsdag i tett samarbeid med gode kollegaer. Hos oss vil du bli utfordra fagleg og få sjansen til å påverke og utvikle røntgentilbodet i Helse Førde. Samtidig bur du midt i det vi kallar livets leikeplass: VestlandetNo har vi ledig stilling til deg som ønsker meir ansvar:100% fast...


  • Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time 450,000 - 550,000 per year

    Laboratorieavdelingane ved Førde sentralsjukehus søkjer vikarar til sommarferien 2026.Vi treng fleire dyktige og engasjerte medarbeidarar – og søkjer deg som ønskjer å jobbe i sommarferien.Om ossHelse Førde tilbyr eit breitt spekter av analyser innan ulike fagområde. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår. Vi arbeider for å knytte til oss...


  • Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time 408,000 - 816,000 per year

    Sterilsentralen ved Førde sentralsjukehus søkjer sterilsentralteknikar til 100% fast stilling. Oppstart stilling: Sterilsentralen er ei avdeling med 15 tilsette per i dag. Sterilsentralen vaskar, pakkar og steriliserer kirurgisk gods til avdelingar i Helse Førde. I tillegg betjener vi sterilt lager med tillaging av utstyr til operasjonen, samt...


  • Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time

    100% fast stiling som lege i spesialisering (LIS3) i radiologi ved Førde sentralsjukehus. Er du nyutdanna lege og klar for å starte spesialiseringa di? Ønskjer du ein trygg og lærerik start på karrieren, med tett oppfølging og eit inkluderande fagmiljø? Då kan LIS-stillinga i radiologi ved Førde sentralsjukehus vere noko for deg Treff nokre av...


  • Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time

    Vi søkjer sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, midtsoneassistentar, sjukepleie- og legestudentar for vikariat sommaren 2026.Periode: Ber om at det i søknaden blir opplyst om ein ønskjer ferie i løpet av perioden.Midtsoneassistent er ein støttefunksjon som har som hovudoppgåve å avlaste sjukepleiarar og helsefagarbeidarar med praktiske og...

  • LIS3 nevrologi

    1 week ago


    Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time 450,000 - 600,000 per year

    LIS3 vikariat i nevrologi - Nevrologisk seksjon, Førde sentralsjukehus.Nevrologisk seksjon ved Førde sentralsjukehus har ledig vikariat for LIS 3 i nevrologi. Seksjonen er ein del av Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering (ANRR).Vikariatet er i utgangspunktet for perioden Forlenging av vikariat kan bli aktuelt.Vikariatet er lyst ut på kort...


  • Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time 350,000 - 550,000 per year

    Medisinsk legeteneste ved Førde sentralsjukehus har ledig to vikariat for legar i spesialisering (LIS 2/3) frå mars 2026, førebels ut februar 2027. Vikariatet gjeld å vere del av 10-delt vaktplan som LIS 2.I tillegg til søkjarar som ønskjer indremedisinsk teneste i Helse Førde, er også legar som treng sideutdanning velkomne til å søkje.Seksjonen...


  • Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time 360,000 - 420,000 per year

    Kreftpoliklinikken ved Førde sentralsjukehus har ledig stilling for sjukepleiar/sjukepleiarstudent sommaren 2026.Arbeidsperiode: Avdeling for kreft, blodsjukdomar og lindrande behandling (kreftavdelinga) består av sengepost (inkludert palliative senger), poliklinikk og palliativt team.På kreftpoliklinikken gir vi medikamentell kreftbehandling , som...


  • Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time 100,000 - 120,000 per year

    Kjøkken, kantine/kafè og mottakskjøkken treng arbeidsvillige og dyktige ferievikarar:Veke : Førde sentralsjukehus (FSS): 100% - 8 stillingar og 80% - 2 stillingarNordfjord sjukehus (NSH): 100% - 1 stillingSommarvikarane deltar i alle oppgåvene som er knytt til dei postane dei vert sett til å arbeide i lag med våre faste tilsette. Du vil få opplæring...