Er du vår nye LIS3?

5 days ago


Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time

100% fast stiling som lege i spesialisering (LIS3) i radiologi ved Førde sentralsjukehus.

Er du nyutdanna lege og klar for å starte spesialiseringa di? Ønskjer du ein trygg og lærerik start på karrieren, med tett oppfølging og eit inkluderande fagmiljø? Då kan LIS-stillinga i radiologi ved Førde sentralsjukehus vere noko for deg Treff nokre av våre tilsette i denne flotte videosnutten

Kvifor velje Førde?

  • Ein trygg start i eit oversiktleg sjukehusmiljø der du blir sett og fulgt opp
  • Variert praksis og erfaring med bruk av bildediagnostikk
  • Tett rettleiing frå erfarne spesialistar og gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Eit sosialt og støttande arbeidsmiljø med låg terskel for å stille spørsmål

Stillinga som LIS innheld vakt i 6-delt vaktskikt og noverande plan innheld ei friveke kvar 6 veke. Vi er fleksible i høve oppstartstidspunkt.

Dette får du hos oss:

  • Eit LIS-løp med god struktur og individuell oppfølging
  • Kurs og undervisning som støttar spesialiseringa di
  • Moglegheit for å delta i forsking og fagutvikling
  • Sosiale arrangement og eit inkluderande kollegium
  • Ein arbeidskvardag med mykje humor og støtte frå kollegaer
  • Rekrutteringstillegg

Her får du 10 gode grunnar til å jobbe med oss

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

Arbeidsgivar:

Helse Førde

Stillingstittel:

Er du vår nye LIS 3?

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

Kven passar stillinga for?

Vi ser etter deg som:

  • Er ferdig med medisinstudiet, har gjennomført LIS1 og ønskjer å spesialisere deg innan radiologi
  • Er nysgjerrig, lærevillig og likar å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Har gode kommunikasjonsevner og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Avdelinga har omlag 70 tilsette, der 20 er legar. Ved seksjonen i Førde har vi 2 CT-maskiner, 2 MR-maskiner, 3 konvensjonelle røntgen apparat, 2 digitale mobile apparat, 2 mammografiapparat (klinisk og screening), gjennomlysing/intervensjon/angio, samt 3 ultralyd apparat. Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar innan dei fleste fagområda. Sjå

Bu midt i livets leikeplass: Vestlandet

I Sunnfjord bur du midt i eit friluftseldorado med kort veg til toppturar, klatring, stisykling, kajakkpadling og andre aktivitetar. I løpet av ei helg kan du oppleve både strender i verdsklasse og fjellturar du elles berre ser på instagram.

Her er også urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, treningssenter, kaféliv, kulturliv, teater og konsertar. Vi har flyplass og eit godt utbygd kollektivtilbod, og Bergen ligg tre timar unna med bil. I Sunnfjord vil du oppleve ein enkel kvardagslogistikk med korte avstandar til det meste.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Adresse:

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Norge

Kontaktinformasjon

Børge Stavland

Avdelingssjef

Telefon:

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.


  • LIS3 nevrologi

    6 days ago


    Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time 450,000 - 600,000 per year

    LIS3 vikariat i nevrologi - Nevrologisk seksjon, Førde sentralsjukehus.Nevrologisk seksjon ved Førde sentralsjukehus har ledig vikariat for LIS 3 i nevrologi. Seksjonen er ein del av Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering (ANRR).Vikariatet er i utgangspunktet for perioden Forlenging av vikariat kan bli aktuelt.Vikariatet er lyst ut på kort...


  • Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time 550,000 - 650,000 per year

    Radiologisk avdeling i Førde tilbyr ein meiningsfull og interessant arbeidsdag i tett samarbeid med gode kollegaer. Hos oss vil du bli utfordra fagleg og få sjansen til å påverke og utvikle røntgentilbodet i Helse Førde. Samtidig bur du midt i det vi kallar livets leikeplass: VestlandetNo har vi ledig stilling til deg som ønsker meir ansvar:100% fast...


  • Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time 350,000 - 550,000 per year

    Medisinsk legeteneste ved Førde sentralsjukehus har ledig to vikariat for legar i spesialisering (LIS 2/3) frå mars 2026, førebels ut februar 2027. Vikariatet gjeld å vere del av 10-delt vaktplan som LIS 2.I tillegg til søkjarar som ønskjer indremedisinsk teneste i Helse Førde, er også legar som treng sideutdanning velkomne til å søkje.Seksjonen...


  • Førde, Vestland, Norway Empet Full time 600,000 - 1,200,000 per year

    Vi leter etter en veterinær til et 100% vikariat på vår klinikk i Førde. Gjerne deg som har erfaring med tenner og tannbehandling, og interesse for detteSom ansatt i EMPET Førde blir du verdsatt. Vi satser på våre ansatte og ønsker å være ledende både faglig og sosialt. Hos EMPET skal det være gøy å komme på jobb.EMPET Førde ligger sentralt i...


  • Førde, Vestland, Norway Norconsult Full time 650,000 - 850,000 per year

    Norconsult Project Execution (PEX) er ei eining i Norconsult med 30 stk som gjennomfører teknisk komplekse prosjekt innan fornybar energi og grøn industri. Vi er midt i ein spanande vekstfase, med ambisiøse mål for dei neste åra, og no trenge vi nye, dyktige kollegaer som vil vere med på laget vårt i Flekke i Sunnfjord (eventuelt Førde).PEX tilbyr...


  • Førde, Vestland, Norway NORMAL Norway Full time 400,000 - 800,000 per year

    Selv syns vi at vi arbeider i Norges mest spennende retailkonsept. NORMAL AS har vokst seg store på kort tid, og har de siste ti årene åpnet over 700 butikker i åtte land. Den første butikken i Norge åpnet i 2017, og nå teller vi 198 butikker spredt over hele landetTrives du med høyt tempo, blant spennende varer, engasjerte kolleger og i møte med...


  • Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time 600,000 - 700,000 per year

    Lab. medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) er ei fellesavdeling på tvers av sjukehusa i Helse Førde med seksjonar i Førde, Lærdal og Nordfjord.LMBB er ei viktig og sentral avdeling i Helse Førde, og bidrar døgnet rundt med analyser av høg kvalitet slik at både sjukehusavdelingar og legekontor kan sikre riktig diagnose og god pasientbehandling.Her...


  • Førde, Vestland, Norway NRK Full time 360,000 - 480,000 per year

    Vil du vere sommarvikar hos NRK Vestland i Førde?3374 DVVE Redaksjon Flater og utvikling, NRKSøk på stillingaOm stillingaNRK Vestland søkjer sommarvikarar til nyhenderedaksjonen i Førde. Vi ser etter deg som vil lage saker frå Vestlandet til eit nasjonalt publikum på , radio og tv. Du bør ha noko erfaring frå journalistisk jobbing i ein redaksjon.Vi...

  • Overbioingeniør

    5 days ago


    Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time 450,000 - 600,000 per year

    Ved Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank, LMBB, i Førde er det ledig stilling for:Overbioingeniør i 100 % fast stillingLMBB er ei felles avdeling på tvers av sjukehusa i Helse Førde med seksjonar i Førde, Lærdal og Nordfjord.Avdelinga er ei viktig og sentral avdeling i Helse Førde, og bidrar døgnet rundt med analyser av høg kvalitet slik...

  • Ringehjelp

    3 days ago


    Førde, Vestland, Norway Kremmerhuset Full time 250,000 - 350,000 per year

    Har du et stort hjerte for salg og interiør?timerLøpendeMotiveres du av å oppnå gode resultater?Har du et stort hjerte for salg og kundeservice?Er du over gjennomsnittet interessert i interiør og trender?Vi også Kanskje er det nettopp du som blir en del av team Kremmerhuset Førde?Dette er jobben:Inspirere kundene våre gjennom et høyt...