Vil du vere med å drifte og vidareutvikle kritisk digital infrastruktur?

1 week ago


Førde, Norway DeepOcean Full time 600,000 - 800,000 per year

Enivest

Firdavegen 5, 6800 Førde

Om jobben

Stillingstittel

Nettverksingeniør

Type ansettelse

Fast, heltid 100%

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

1

Arbeidssted

Hybridkontor

**Vil du arbeide med kritisk digital infrastruktur?**Enivest er ein regional internettleverandør som leverer breiband og tilknytte tenester til store delar av Nordvestlandet. Vi har over privatkundar og meir enn 2 000 linjer til bedrifter og offentlege verksemder. Vårt tilbod omfattar breiband via fiber, TV- og strøymetenester frå Telia og Altibox, samt telefoni- og WiFi-løysingar.

No søkjer vi ein nettverksingeniør som vil vere med og drifte og vidareutvikle nettverket vårt, og sikre kvalitet i ei infrastruktur som mange er avhengige av kvar dag.

Kva ventar deg som nettverksingeniør hos Enivest?

Som nettverksingeniør hos oss vil du jobbe med utvikling, planlegging og drift av tenester i eit moderne ISP-nett. Du vil arbeide med løysingar for internett og VPN-tenester, og bidra til å sikre stabilitet, kapasitet og kvalitet i infrastrukturen.

Arbeidet omfattar konfigurasjon, testing og driftsetting av nettverksutstyr i aksess-, distribusjons- og kjernenettet. Du vil òg delta i vaktordning og handtere overvaking av nettverket, feilsøking og handtering av hendingar knytt til drift.

I tillegg vil du ta del i prosjekt for kapasitetsutviding, modernisering og tryggleikstiltak i nettverket, og bidra med dokumentasjon og eventuelt automatisering av driftsoppgåver.

Stillinga inngår i avdelinga nettverk , og rapporterar til driftssjef .

Ønskjeleg erfaring

Erfaring med Cisco IOS / IOS-XR , routing , switching og MPLS-baserte nettverk

Erfaring med drift og sikkerheit i større nettverk (ISP /NOC /bedriftsnettverk)

God forståing av BGP , OSPF , Multicast , IPv6 og routing i operatørnett

Erfaring frå drift av nettverk i ISP -, telekom - eller operatørmiljø

Interesse for eller erfaring med å ta i brukAI-baserte verktøy for feilsøking , analyse , dokumentasjon eller automatisering i nettverksdrift.

Høgare teknisk utdanning **(ingeniør/sivilingeniør) -**relevant erfaring kan kompensere

Det viktigaste er ikkje kva du har gjort tidlegare, men kven du er. Ikkje nøl med å søke sjølv om du ikkje treff på alle punkt, det gjer ikkje vi heller .

Bli ein del av Enivest

Hos oss vil du få gode utviklingsmoglegheiter i eit inkluderande arbeidsmiljø med kjekke kollegaer som støttar og inspirerer kvarandre. Vi legg stor vekt på å satse på våre tilsette, og fremje ein delingskultur med korte linjer og samarbeid på tvers av fagområder og avdelingar.

Vi tilbyr gode velferdsordningar og fleksible løysingar som gjer det lett å kombinere arbeid og kvardagsliv. Enivest er ein engasjert samfunnsaktør og er aktiv i fleire lokale initiativ og prosjekt. Vi jobbar for å auke attraktivitet og bulyst i regionen, samt leggje til rette for lokal vekst og verdiskaping.

I Enivest verdset vi mangfald og trivsel på arbeidsplassen, og vi er opptatt av å legge til rette for at våre tilsette skal kunne utvikle seg både fagleg og personleg.

Lyst til å ta ein prat om stillinga?

Ta kontakt:

Daniel Klakegg Dvergsdal /

Vi ser fram til å motta din søknad og CV.

Alle søknadar vert behandla fortløpande.

Om bedriften

Elektroniske kommunikasjonsnett er grunnmuren i det digitaliserte samfunnet, og Enivest er ein del av den. Selskapet vart skipa i år 2000, og er i dag ein leiande aktør på nordvestlandet. Vi leverer breiband basert på fiber til i overkant av privatkundar og 2.000 bedriftslinjer. I tillegg til breiband leverer vi tenester som TV- og strøymetenester frå Telia, samt telefoni- og WiFi-løysingar til både privat- og bedriftskundar. Vi er 60 tilsette med tyngda fordelt på hovudkontoret i Førde, og ved avdelingskontora på Etne, Tysnes, Florø, Sandane, Stryn og i Sogndal. Sjå meir om Enivest på nettstaden vår:

Sektor

Privat

Nettsted

Annonsedata

Stillingsnummer

045d5ed7-b6f5-4cf5-90df-5b382b1371ae

Sist endret

  1. november 2025

Hentet fra

FINN

Referanse

Lignende annonser

Driftsoperatørar med ambisjonar

Driftsoperatør

Arbeidsgiver

Renasys AS

Sted

Førde

Elektroingeniør/-sivilingeniør Norconsult Sogn og Fjordane

Arbeidsgiver

Norconsult

Sted

Førde

Bli med å bygge framtida

Prosjektleder

Arbeidsgiver

Førde Sementvare AS

Sted

Førde



  • Førde, Vestland, Norway Norconsult Full time 650,000 - 850,000 per year

    Norconsult Project Execution (PEX) er ei eining i Norconsult med 30 stk som gjennomfører teknisk komplekse prosjekt innan fornybar energi og grøn industri. Vi er midt i ein spanande vekstfase, med ambisiøse mål for dei neste åra, og no trenge vi nye, dyktige kollegaer som vil vere med på laget vårt i Flekke i Sunnfjord (eventuelt Førde).PEX tilbyr...


  • Førde, Norway DeepOcean Full time 600,000 - 800,000 per year

    Renasys ASØyrane 12, 6800 FørdeOm jobbenStillingstittelDriftsoperatørType ansettelseFast, heltid 100%ArbeidsspråkNorsk eller engelskAntall stillinger5Visste du at 80 % av verdas avlaup vert dumpa rett ut i miljøet? Sjølv i eit land som Noreg der vi har vakre fjordar og fjell, har naturen no fått store utfordringar.renasys teamet er samansett av...


  • Førde, Vestland, Norway Visere Full time 80,000 - 125,000 per year

    Vil du arbeide med kritisk digital infrastruktur? Enivest er ein regional internettleverandør som leverer breiband og tilknytte tenester til store delar av Nordvestlandet. Vi har over privatkundar og meir enn 2 000 linjer til bedrifter og offentlege verksemder. Vårt tilbod omfattar breiband via fiber, TV- og strøymetenester frå Telia og Altibox, samt...


  • Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time 580,000 - 1,040,000 per year

    Ønskjer du varierte arbeidsoppgåver og nye utfordringar? Teknisk drift Lærdal sjukehus/ISP søkjer drifts- og serviceteknikar. Avdelinga i Lærdal skal tilsetje ny ressurs på drift og vedlikehald av bygningsmassen som også inkluderar uteareal. Vi søkjer difor drifts- og serviceteknikar med allsidig kompetanse på denne type drift. Tilsetjing snarast...


  • HAUGESUND, Førde, Stavanger, Bergen, Norway Helse Vest IKT Full time

    Om stillinga Helse Vest IKT er eit av dei største IKT-miljøa på Vestlandet, og er totalleverandør av IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Vi stiller høge krav til stabilitet, kvalitet og sikkerheit, og med om lag 1300 system og over sluttbrukarar, er vi ein sentral aktør i helsesektoren.I Seksjon for IKT-Sikkerhet jobbar 18 engasjerte...


  • HAUGESUND, Førde, Stavanger, Bergen, Norway Helse Vest IKT Full time

    Om stillinga Helse Vest IKT er eit av dei største IKT-miljøa på Vestlandet, og er totalleverandør av IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Vi stiller høge krav til stabilitet, kvalitet og sikkerheit, og med om lag 1300 system og over sluttbrukarar, er vi ein sentral aktør i helsesektoren.I Seksjon for IKT-Sikkerhet jobbar 18 engasjerte...


  • Firdavegen Førde, Norway Visere Full time 90,000 - 120,000 per year

    Vil du arbeide med kritisk digital infrastruktur? Enivest er ein regional internettleverandør som leverer breiband og tilknytte tenester til store delar av Nordvestlandet. Vi har over privatkundar og meir enn 2 000 linjer til bedrifter og offentlege verksemder. Vårt tilbod omfattar breiband via fiber, TV- og strøymetenester frå Telia og Altibox, samt...


  • Førde, Norway DeepOcean Full time

    Lotteri- og stiftelsestilsynetStorehagen 1B, 6800 FørdeOm jobbenStillingstittelSeniorrådgivarType ansettelseFast, heltid 100%ArbeidstidDagtid, ukedagerArbeidsspråkNorsk eller engelskAntall stillinger1ArbeidsstedHybridkontorSøk senest mandag 5. januarLikar du å jobbe med digitale tenester og synest det er spennande å løyse problem i både eksisterande...


  • Førde, Norway DeepOcean Full time 600,000 - 1,200,000 per year

    Eiksenteret FørdeØyrane 5, 6800 FørdeOm jobbenStillingstittelProdukt- og segmentansvarlegType ansettelseFast, heltid 100%ArbeidsspråkNorskAntall stillinger1Eiksenteret Førde opprettar ei heilt ny stilling som produkt- og segmentansvarleg . Vi står i ei vekst- og omstillingsfase, og søkjer deg som kan tenke deg ei sentral rolle der du får utvikle nye...

  • Rådgjevar

    22 hours ago


    Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time

    Seksjon for forsking og innovasjon har ledig eit års vikariat som rådgjevar i 100% stilling. Oppstart i stillinga frå Stillinga er plassert i Fag- og utviklingsavdelinga, Seksjon for forsking og innovasjon. Forskings -og innovasjonsverksemda er under stadig utvikling og gode støttesystem for å stette nasjonale krav til forsking og innovasjon er viktig....