Lege i spesialisering, fysikalsk medisin og rehabilitering
2 days ago
Om stillinga
Lurer du på kva du skal spesialisere deg i? Har du lyst å jobbe med ein spennande spesialitet og samtidig ha ei "gunstig vaktordning"?
Då må du søke denne stillinga
Vi har ledig eit vikariat for lege i spesialisering innan fysikalsk medisin og rehabilitering med oppstart , eller etter avtale
Stillinga er ved seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering som høyrer til Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering. Seksjonen inneheld sengepost med 20 senger + 4 senger på pasienthotellet. Pasientgruppa som får tilbod på døgnpost er pasientar med komplekse fysiske og/eller kognitive funksjonsnedsettingar som følge av skade/sjukdom i sentralnervesystemet, det perifere nervesystemet, multitraumer og amputasjoner. Seksjonen yter også ambulante tenester og poliklinisk oppfølging før/etter innlegging til desse pasientgruppene. Seksjonen inneheld også poliklinikk for fysikalsk medisin, inklusiv HelseIArbeid poliklinikk. Det er tett arbeid i tverrfaglege team både på sengepost og poliklinikk. Legegruppa er ein ung og framoverlent gruppe som bidreg til fagutvikling og til utdanning av nye spesialistar. Vi har eit godt arbeidsmiljø med sosiale møtepunkt både i og utanfor arbeidsplassen.
Sjekk gjerne vår instagramkonto FYSMED_ALESUND_HMR.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
Arbeidsgivar:
Helse Møre og Romsdal HF
Stad:
Ålesund
Stillingstittel:
Lege i spesialisering , fysikalsk medisin og rehabilitering
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Vikariat
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
Startdato:
Sluttdato:
Sosial deling :
Del på X
Del på LinkedIn
Del på Facebook
Del på e-post
Arbeidsoppgåver
- Poliklinisk arbeid
- Sengepostarbeid
- Det er forventa at en deltek i seksjonen si vaktordning
- LIS har vakt for tiden kvar 5. veke med heimevakt med utrykningsplikt på kvardagar frå , og i helg frå 09.00 –
- Det er ikkje vakt på raude dagar i jul og påske
Kvalifikasjonar
- Det er ønskeleg med erfaring innan fysikalsk medisin og rehabilitering, erfaring fra allmennmedisin er også positivt
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Søkarar som ikkje har fullført LIS1 kan også vurderast
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel, løysingsorientert og initiativrik
- Du har evne og interesse for tverrfagleg samarbeid
- Du har gode kommunikasjonsevner
- Du må beherske norsk munnleg og skriftleg
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Varierte oppgåver i eit tverrfagleg miljø med ca 10 ulike faggrupper
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Vaktordning med heimevakt 16-21 på kvardagar og 9-14 i helg
- Vaktfri på raude dagar i jul og påske
- Ein fremtidsretta arbeidgivar som hensyntar alle livsfasar
- Internundervisning og fagutvikling
- Rabattavtaler på treningssenter og sportskjeder
- Deltaking i seksjonen si eiga løpe- og/eller innebandygruppe
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Adresse:
Ålesund Sykehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge
Opne vegbeskriving
(i ny fane)
Kontaktinformasjon
Synnøve Opsahl Melseth
Seksjonsleiar
E-post:
Om arbeidsgivaren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
-
Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Central Norway Regional Health Authority Full time 550,000 - 700,000 per yearLege i spesialisering, fysikalsk medisin og rehabilitering KLINIKK FOR KREFTBEHANDLING OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HFSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaLurer du på kva du skal spesialisere deg i? Har du lyst å jobbe med ein spennande spesialitet og samtidig ha ei "gunstig vaktordning"?Då må du søke denne stillingaVi har ledig eit...
-
Lege i spesialisering
1 week ago
Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Central Norway Regional Health Authority Full time 450,000 - 675,000 per yearLege i spesialisering - fysikalsk medisin og rehabilitering Fysikalsk Medisin, Klinikk for medisin og rehabilitering, Sykehuset LevangerSøk på stillingen (i ny fane)Om stillingenHeiFysikalsk medisin er faget for deg som liker å bruke hele bredden av det medisinske fagfeltet i tverrfaglig samarbeid. Du liker å utforske, se sammenhenger og helhet i møte...
-
Lege i spesialisering
1 week ago
Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal Full time 550,000 - 1,300,000 per year(i ny fane)Om stillingaEr du lege og har ønske om spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri?Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø for deg som har lyst til å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske lidingar. Her blir du ein del av eit fagleg godt fellesskap.I avdelinga vår har vi ledig fast...
-
Lege i spesialisering hematologi
1 week ago
Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Central Norway Regional Health Authority Full time 4,200,000 - 5,800,000 per yearLege i spesialisering hematologi AVDELING MEDISIN ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HFSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaVi ved seksjon for medisinske legar ved Klinikk Ålesund sjukehus har ledig vikariat for Lege i spesialisering innan hematologi.Tilsetting frå , eller etter avtale. Varigheita på vikariatet er 6 månader. Ved intern omrokering kan...
-
Lege i spesialisering hematologi
1 week ago
Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal Full time 500,000 - 600,000 per year(i ny fane)Om stillingaVi ved seksjon for medisinske legar ved Klinikk Ålesund sjukehus har ledig vikariat for Lege i spesialisering innan hematologi.Tilsetting frå , eller etter avtale. Varigheita på vikariatet er 6 månader.Ved intern omrokering kan andre stillingar bli ledige.Medisinsk avdeling er del av Klinikk Ålesund sjukehus. Avdelinga inneheld 3...
-
Lege i spesialisering
6 days ago
Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal HF Full time 650,000 - 1,300,000 per yearOm stillinga Stillinga inngår i klinikken sine LIS stillingar som er del av eit utdanningsrotasjonsprogram retta mot spesialisering som overlege i psykiatri/psykiater. LIS stillingane er også ein del av forvaktordninga ved Avdeling for sjukehuspsykiatri.Ved Ålesund sjukehus tilbyr Klinikk for psykisk helsevern heile spesialiseringsløpet lokalt utan behov...
-
Lege i spesialisering hematologi
1 week ago
Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal HF Full time 350,000 - 700,000 per yearOm stillinga Vi ved seksjon for medisinske legar ved Klinikk Ålesund sjukehus har ledig vikariat for Lege i spesialisering innan hematologi.Tilsetting frå , eller etter avtale. Varigheita på vikariatet er 6 månader. Ved intern omrokering kan andre stillingarbli ledige.Medisinsk avdeling er del av Klinikk Ålesund sjukehus. Avdelinga inneheld...
-
Overlege/Lege i spesialisering anestesiologi
2 days ago
Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal HF Full timeOm stillinga Ein av våre overlegar går mellombels over i ei anna stilling i helseføretaket. Vi søkjer derfor ein spesialist i anestesiologi til eit års vikariat som overlege ved Ålesund sjukehus. Ved internt opprykk kan det òg bli ledig vikariat for LIS 2/3. Stillinga er ledig frå 1. januar 2026, men annan startdato kan avtalast.Stillingen ligger...
-
Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal HF Full time 520,000 - 1,040,000 per yearOm stillinga Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.Klinikk Ålesund sjukehus og Klinikk for kreft og rehabilitering treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2026. Vi treng...
-
Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal HF Full timeOm stillinga Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.Klinikk Ålesund sjukehus og Klinikk for kreft og rehabilitering treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2026. Vi treng...