Overlege/Lege i spesialisering anestesiologi
4 days ago
Om stillinga
Ein av våre overlegar går mellombels over i ei anna stilling i helseføretaket. Vi søkjer derfor ein spesialist i anestesiologi til eit års vikariat som overlege ved Ålesund sjukehus. Ved internt opprykk kan det òg bli ledig vikariat for LIS 2/3. Stillinga er ledig frå 1. januar 2026, men annan startdato kan avtalast.
Stillingen ligger under Seksjon for anestesileger og smertepoliklinikk i Avdeling for akutt, operasjon og intensiv ved Klinikk Ålesund sjukehus. Vi har rundt 30 anestesileger og dekker fire vaktsjikt (primærvakt, bakvakt, flyvakt og helikoptervakt).
Vil du vere med å gjere ein forskjell for pasientane våre? Då håpar vi du søkjer
Attestert tjenestebevis fra tidligere arbeidsgiver, og ev. annen relevant dokumentasjon må legges ved søknaden.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
Arbeidsgivar:
Helse Møre og Romsdal HF
Stad:
Ålesund
Stillingstittel:
Overlege/Lege i spesialisering anestesiologi
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Vikariat
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
Startdato:
Sluttdato:
Sosial deling :
Del på X
Del på LinkedIn
Del på Facebook
Del på e-post
Arbeidsoppgåver
- Ålesund sjukehus har ein kirurgisk og ein medisinsk intensivavdeling der anestesilegane har ansvaret for kirurgisk side med 10 sengar (3 reine intensivplassar) og intuberte medisinske pasientar. Sentraloperasjonen har 12 stover og har eit breidt spekter av operasjonar (uro, gastro, kar, endo, tann/kjeve, føde/gyn, ortopedi samt ein stove for mindre inngrep/undersøkelsar). På dagkirugen er det øyeoperasjoner, øre-nese-hals, samt gynekologi, ortopedi, bløtkirurgi og tannbehandling. Nedre grense for anestesi til barn hos oss er 3 månedar/5 kg.
- I tillegg gir vi sedasjon/narkose i samband med ECT, MR og CT undersøkelsar, røntgen intervensjonar og elektrokonverteringar.
- Anestesilege deltek i diverse akutteam på sjukehuset (stansteam, MET, traume og akutt barneteam). Som LIS har ein og ein 6 mnd rotasjon ved seksjonen sin smertepoliklinikk.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- For stilling som overlege må du i tillegg ha godkjent spesialitet innan anestesiologi
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert
- Du har gode kommunikasjonsevner
- Du har gode samarbeidsevne
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her
Adresse:
Ålesund sjukehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge
Opne vegbeskriving
(i ny fane)
Kontaktinformasjon
Kristen Rasmussen
Seksjonsleiar
Telefon:
E-post:
Kristen.-
Om arbeidsgivaren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
-
Lege i spesialisering
1 week ago
Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal HF Full time 650,000 - 1,300,000 per yearOm stillinga Stillinga inngår i klinikken sine LIS stillingar som er del av eit utdanningsrotasjonsprogram retta mot spesialisering som overlege i psykiatri/psykiater. LIS stillingane er også ein del av forvaktordninga ved Avdeling for sjukehuspsykiatri.Ved Ålesund sjukehus tilbyr Klinikk for psykisk helsevern heile spesialiseringsløpet lokalt utan behov...
-
Lege i spesialisering
1 week ago
Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal Full time 550,000 - 1,300,000 per year(i ny fane)Om stillingaEr du lege og har ønske om spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri?Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø for deg som har lyst til å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske lidingar. Her blir du ein del av eit fagleg godt fellesskap.I avdelinga vår har vi ledig fast...
-
Lege i spesialisering hematologi
1 week ago
Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Central Norway Regional Health Authority Full time 4,200,000 - 5,800,000 per yearLege i spesialisering hematologi AVDELING MEDISIN ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HFSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaVi ved seksjon for medisinske legar ved Klinikk Ålesund sjukehus har ledig vikariat for Lege i spesialisering innan hematologi.Tilsetting frå , eller etter avtale. Varigheita på vikariatet er 6 månader. Ved intern omrokering kan...
-
Lege i spesialisering
1 week ago
Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Central Norway Regional Health Authority Full time 450,000 - 675,000 per yearLege i spesialisering - fysikalsk medisin og rehabilitering Fysikalsk Medisin, Klinikk for medisin og rehabilitering, Sykehuset LevangerSøk på stillingen (i ny fane)Om stillingenHeiFysikalsk medisin er faget for deg som liker å bruke hele bredden av det medisinske fagfeltet i tverrfaglig samarbeid. Du liker å utforske, se sammenhenger og helhet i møte...
-
Lege i spesialisering hematologi
1 week ago
Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal Full time 500,000 - 600,000 per year(i ny fane)Om stillingaVi ved seksjon for medisinske legar ved Klinikk Ålesund sjukehus har ledig vikariat for Lege i spesialisering innan hematologi.Tilsetting frå , eller etter avtale. Varigheita på vikariatet er 6 månader.Ved intern omrokering kan andre stillingar bli ledige.Medisinsk avdeling er del av Klinikk Ålesund sjukehus. Avdelinga inneheld 3...
-
Lege i spesialisering hematologi
1 week ago
Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal HF Full time 350,000 - 700,000 per yearOm stillinga Vi ved seksjon for medisinske legar ved Klinikk Ålesund sjukehus har ledig vikariat for Lege i spesialisering innan hematologi.Tilsetting frå , eller etter avtale. Varigheita på vikariatet er 6 månader. Ved intern omrokering kan andre stillingarbli ledige.Medisinsk avdeling er del av Klinikk Ålesund sjukehus. Avdelinga inneheld...
-
Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Central Norway Regional Health Authority Full time 550,000 - 700,000 per yearLege i spesialisering, fysikalsk medisin og rehabilitering KLINIKK FOR KREFTBEHANDLING OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HFSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaLurer du på kva du skal spesialisere deg i? Har du lyst å jobbe med ein spennande spesialitet og samtidig ha ei "gunstig vaktordning"?Då må du søke denne stillingaVi har ledig eit...
-
Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal HF Full timeOm stillinga Lurer du på kva du skal spesialisere deg i? Har du lyst å jobbe med ein spennande spesialitet og samtidig ha ei "gunstig vaktordning"? Då må du søke denne stillingaVi har ledig eit vikariat for lege i spesialisering innan fysikalsk medisin og rehabilitering med oppstart , eller etter avtaleStillinga er ved seksjon for fysikalsk medisin...
-
Overlege Urologi
1 week ago
Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal Full time 1,000,000 - 1,200,000 per year(i ny fane)Om stillingaVil du bli med og utvikle framtidas urologiske tenester?Kirurgiske legar har no ledig ei fast stilling og eit vikariat med varighet på 1 år, som overlege i urologi. Kan du tenkje deg å bli ein del av vårt team ved kirurgisk avdeling, Ålesund sjukehus?Vi ser etter ein overlege med interesse for fagutvikling, pasienttryggleik og...
-
Overlege augesjukdomar
1 week ago
Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Central Norway Regional Health Authority Full time 600,000 - 700,000 per yearOverlege augesjukdomar AUGE ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HFSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaEr du klar for å ta del i eit fagmiljø der du verkeleg kan gjere ein forskjell for pasientane våre?Vi har ledig vikariat som overlege innan augesjukdomar. Oppstart etter avtale.Augepoliklinikken i Ålesund er inne i ei spennande utvikling med stor auke...