Lege før turnusteneste

2 weeks ago


Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal Full time

(i ny fane)

Om stillinga

Er du klar for nye utfordringar? Vil du jobbe i ei spennande legestilling hos oss ved Ålesund behandlingssenter, Helse Møre og Romsdal HF?

Vi søkjer ein lege med interesse og engasjement for rusfeltet, som vil vere med på å vidareutvikle eit godt og heilskapleg behandlingstilbod for pasientar innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).

Vi har ledig 1 x 100 % vikariat for lege før turnusteneste ved Avdeling for TSB, Ålesund behandlingssenter.

Avdeling for TSB i Helse Møre og Romsdal HF gir tverrfagleg spesialisert behandling til rusavhengige over 18 år. Ålesund behandlingssenter tilbyr avrusing, korttids døgnbehandling og poliklinisk oppfølging. Vi gir utgreiing og behandling til rusavhengige og deira pårørande gjennom både individuelle samtalar og gruppeterapeutiske tilnærmingar.

Du er velkomen som søkar

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

Arbeidsgivar:

Helse Møre og Romsdal HF

Stad:

ÅLESUND

Stillingstittel:

Lege før turnusteneste

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Vikariat

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

Startdato:

Sluttdato:

Arbeidsoppgåver

  • Varierte oppgåver knytte til avdelinga si verksemd, avhengig av seksjon (mottak, abstinensbehandling, utgreiing, behandling, tverrfaglege drøftingar m.m.)
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Deltaking i avdelinga si vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege, eller midlertidig lisens )
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Fagleg engasjert
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing

Vi tilbyr

  • Rettleiing frå erfarne overlegar
  • Eit sterkt og engasjert tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande og utviklingsorientert arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande tariffavtalar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Adresse:

Vestmoa 27, 6018 ÅLESUND, Norge

(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Siri-Mette Dragsund Hoff

Seksjonsleiar

E-post:

Siri.Mette.Dragsund.-

Om arbeidsgivaren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal



  • Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Central Norway Regional Health Authority Full time

    Lege før turnusteneste Avdeling for Tverrfagleg Spesialisert Rusbehandling(TSB)Helse Møre og Romsdal HFSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaEr du klar for nye utfordringar? Vil du jobbe i ei spennande legestilling hos oss ved Ålesund behandlingssenter, Helse Møre og Romsdal HF?Vi søkjer ein lege med interesse og engasjement for rusfeltet, som vil...

  • Lege i spesialisering

    2 weeks ago


    Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal Full time 550,000 - 1,300,000 per year

    (i ny fane)Om stillingaEr du lege og har ønske om spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri?Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø for deg som har lyst til å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske lidingar. Her blir du ein del av eit fagleg godt fellesskap.I avdelinga vår har vi ledig fast...


  • Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Central Norway Regional Health Authority Full time 4,200,000 - 5,800,000 per year

    Lege i spesialisering hematologi AVDELING MEDISIN ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HFSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaVi ved seksjon for medisinske legar ved Klinikk Ålesund sjukehus har ledig vikariat for Lege i spesialisering innan hematologi.Tilsetting frå , eller etter avtale. Varigheita på vikariatet er 6 månader. Ved intern omrokering kan...


  • Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal Full time 500,000 - 600,000 per year

    (i ny fane)Om stillingaVi ved seksjon for medisinske legar ved Klinikk Ålesund sjukehus har ledig vikariat for Lege i spesialisering innan hematologi.Tilsetting frå , eller etter avtale. Varigheita på vikariatet er 6 månader.Ved intern omrokering kan andre stillingar bli ledige.Medisinsk avdeling er del av Klinikk Ålesund sjukehus. Avdelinga inneheld 3...


  • Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal HF Full time

    Om stillinga Ønskjer du nye utfordringar i 2026?Kva med å bli ein del av eit fagfelt i stadig utvikling, der du som lege kan utvikle og bruke din samla kompetanse innan både rus- og avhengigheitsmedisin, psykiatri og somatikk? Ønskjer du å jobbe i eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø? Då bør du vurdere ei stilling hos oss. Vi søkjer ein lege med...


  • Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal HF Full time 350,000 - 700,000 per year

    Om stillinga Vi ved seksjon for medisinske legar ved Klinikk Ålesund sjukehus har ledig vikariat for Lege i spesialisering innan hematologi.Tilsetting frå , eller etter avtale. Varigheita på vikariatet er 6 månader. Ved intern omrokering kan andre stillingarbli ledige.Medisinsk avdeling er del av Klinikk Ålesund sjukehus. Avdelinga inneheld...


  • Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Central Norway Regional Health Authority Full time 550,000 - 700,000 per year

    Lege i spesialisering, fysikalsk medisin og rehabilitering KLINIKK FOR KREFTBEHANDLING OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HFSøk på stillinga (i ny fane)Om stillingaLurer du på kva du skal spesialisere deg i? Har du lyst å jobbe med ein spennande spesialitet og samtidig ha ei "gunstig vaktordning"?Då må du søke denne stillingaVi har ledig eit...

  • Lege i spesialisering

    2 weeks ago


    Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal HF Full time 650,000 - 1,300,000 per year

    Om stillinga Stillinga inngår i klinikken sine LIS stillingar som er del av eit utdanningsrotasjonsprogram retta mot spesialisering som overlege i psykiatri/psykiater. LIS stillingane er også ein del av forvaktordninga ved Avdeling for sjukehuspsykiatri.Ved Ålesund sjukehus tilbyr Klinikk for psykisk helsevern heile spesialiseringsløpet lokalt utan behov...


  • Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal HF Full time

    Om stillinga Lurer du på kva du skal spesialisere deg i? Har du lyst å jobbe med ein spennande spesialitet og samtidig ha ei "gunstig vaktordning"? Då må du søke denne stillingaVi har ledig eit vikariat for lege i spesialisering innan fysikalsk medisin og rehabilitering med oppstart , eller etter avtaleStillinga er ved seksjon for fysikalsk medisin...


  • Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Ålesund kommune Full time

    Om stillinga % fast stilling som sykepleier ledig ved Sentrum og Klipra heimeteneste. Vi har årsturnus ved avdelingen med ordinære vakter dag/aften og langvakter helg og noen vakter på hverdager. Arbeid i snitt hver 4. helg på grunn av langvaktene.NøkkelinformasjonSøknadsfrist: Arbeidsgivar:Ålesund kommuneStad:ÅlesundStillingstittel:100 % fast...