Stipendiat i religionsvitskap

4 days ago


Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen (UiB) Full time
UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i religionsvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Velkomen som søkjar til ei stipendiatstilling i religionsvitskap med fokus på oldtidas religionar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Planlagd oppstart er 1. januar 2026, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.

Stipendiatstillinga er øyremerka til eit ph.d.-prosjekt om sterkt, individuelt engasjement i eldre jødisk apokalyptisk og profetisk litteratur i Den hebraiske bibelen og den andre tempelperioden, og visjonær-profetiske modellar og engasjementsideal.

Stillinga er ei av dei første av fleire stillingar som vert utlyst i samband med RADHEART-prosjektet. I tillegg til denne og ei anna stipendiatstilling, vil tre postdoktorstillingar òg bli utlyste. Stipendiaten vil dimed bli ein del av ei tett samarbeidande forskingsgruppe som arbeider med individuelt engasjement i radikal eldre religion, og eit stort og dynamisk forskingsmiljø ved instituttet som fokuser på oldtida. Stipendiatane vil få sjansen til å samhandle med toppforskarar på feltet og reise på konferansar og forskingsopphald.

Om RADHEART-prosjektet
RADHEART: Radical Habits of the Heart: Emotions, Embodiment, and Strong, Individual Commitment in Ancient Religions, er eit ERC Consolidator Grant leia av Laura Feldt.

Prosjektet fokuserer på rolla kjensler og kropp spelar i sterkt, individuelt engasjement i oldtida. Prosjektet undersøker korleis kjenslemessig intense og sterke religiøse engasjement (dvs. radikale hjartevanar) blir uttrykt og kultivert i jødiske og kristne formative tradisjonar på tvers av dei tre aksane tekstualitet, medialitet, og praksis, frå det 6. århundre fvt. til det 6. århundre evt. Prosjektet fremmer eit nyskapande teoretisk rammeverk som kombinerer religionsestetikk, erfaringsorientert antropologi og framoverretta filologi. Forskingsgruppa vil bruke perspektiv frå religionsestetikk, opplevingsorientert antropologi og framoverretta filologiske metodar.

Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga

Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er fire år, der 2,5 år er sett av til arbeid med sjølve doktorgradsprosjektet, medan eit år av tida blir nytta til anna, karrierefremjande arbeid knytt til undervising, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Ph.d.-programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som til saman utgjer eitt semester. Dei resterande seks månadane er sett av til denne opplæringsdelen.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
  • Søkjar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan religionsvitskap / religionsstudium / religionshistorie eller nærliggande og relevant fag eller fagfelt. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som berre dokumenterer utanlandsk grad blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) og Det humanistiske fakultet sine retningsliner.
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjar må beherske engelsk, skriftleg og munnleg.
  • Søkjar må kunne arbeide med kjelder på originalspråket, som vil vere hebraisk og eventuelt arameisk og gresk.
Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1.

Søkjaren må ha gjennomført sjølvstendig forskingsarbeid under rettleiing. Dette arbeidet skal normalt bestå av ei masteroppgåve på minimum 30 studiepoeng. Søkjaren må som hovudregel ha minimum karakteren B eller tilsvarande på det sjølvstendige forskingsarbeidet.

Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, samt ein framdriftsplan for prosjektet. Prosjektskissa (om lag 5 sider) må vere i samsvar med måla til RADHEART-prosjektet og forholde seg til prosjektet sine hypotesar, teoriar og metodar.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

Vi tilbyr
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Bruttoårsløn på kr 560 000 i full stilling (kode 1017). Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.
Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. Søknaden skal innehalde:
  • Prosjektskisse (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellomrom, litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og ein tidsplan for gjennomføring. Skissa skal òg skildre empirien som skal bli brukt i prosjektet.
  • Søkjarar må utforme prosjektet sitt som eit bidrag til det større forskingsprosjektet RADHEART og forholde seg til hypotesane, teoretiske perspektiv og metodar i RADHEART-prosjektet. Søkjarar kan lese meir om prosjektet på prosjektets nettside og ei prosjektskildring kan ein få ved å kontakte prosjektleiar.
  • Litteraturliste for prosjektskissa.
  • Framdriftsplan for prosjektet som inkluderer karrierefremjande arbeid og opplæringsdelen. Merk at framdriftsplanen må ta omsyn til at sjølve avhandlinga skal kunne bli fullført innanfor ein tidsramme på 2,5 år.
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • CV.
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserer oppgåva sitt omfang i ECTS.
  • Dokumentasjon på relevant hebraisk-ferdigheiter og, dersom relevant, ferdigheiter i arameisk og/eller gresk.
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
  • Eventuelle publikasjonar (inntil tre).
  • Relevante attestar.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, der ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Andre opplysningar

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje.

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte leiar for RADHEART-prosjektet, førsteamanuensis Laura Feldt, e-post: laura.feldt@uib.no, eller instituttleiar og professor Teemu Sakari Ryymin, e-post: teemu.ryymin@uib.no, telefon: +47 55 58 38 79.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla.
#J-18808-Ljbffr

  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen (UiB) Full time

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Stipendiat i religionsvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskapVelkomen som søkjar til ei...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen (UiB) Full time

    Instituttet og UiBUiB (Universitetet i Bergen) er Norges største universitet, med over 16000 studenter og 3 500 ansatte. Vårt institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap er en av de fleste samfunnsvitenskapelige instituttene i UiB. Her finnes flere professorer, førstamanuenser, postdoktorer og ph.d.-stipendiater som driver forskning...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen (UiB) Full time

    Om stillingenVi søker etter en driven og ambisiøs filolog som ønsker å arbeide med eldre jødisk apokalyptisk og profetisk litteratur. Stillingen er en del av det større RADHEART-prosjektet, som fokuserer på rolla kjensler og kropp spiller i sterkt, individuelt engasjement i oldtida.Mål og ansvarsområdeDenne stipendiatsstilligen har som mål å lede...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen (UiB) Full time

    Omfang og ansvarStillingen vår omfatter først og fremst forskningsaktiviteter innenfor oldtidens religion, samt deltakelse i Det humanistiske fakultetets ph.d.-program. Du skal være aktiv deltaker i forskningssamfunnet ved UiB og bidra til å skape et positivt miljø for kolleger og studenter. I tillegg vil du være involvert i anna arbeid knytt til...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen (UiB) Full time

    Beskrivelse av stillingenVår institutt søker etter en ambitiøs og kompetent søkjet til en stipendiatstilling i eldre jødisk apokalyptisk og profetisk litteratur ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap ved Universitetet i Bergen. Stillingen er en del av det større RADHEART-prosjektet, som fokuserer på rolla kjensler og kropp...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen (UiB) Full time

    Hva foresettes?Vi foresettes deg med godt arbeidsmiljø, massemuligheter for selvstendig arbeid, og et profesjonelt nettverk. Som stipendiat får du tilgang tilUiB sin liste av eksperter og henvendelser, samt deltakelse i flere internasjonale konferanser og seminarer. Dette gir deg muligheten til å nå langt over hva vi anser som avgrensede grenser for...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen (UiB) Full time

    Om stillingaVi søker etter en stipendiat til å delta i det større forskningsprosjektet RADHEART. Stillingen er på fire år, med mulighet for opprykk etter krav.Om RADHEART-prosjektetRADHEART: Radical Habits of the Heart: Emotions, Embodiment, and Strong, Individual Commitment in Ancient Religions, er et ERC Consolidator Grant leia av Laura Feldt....


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen (UiB) Full time

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Stipendiat i moderne midtaustenhistorieVelkomen som søkjar til ei stipendiatstilling i moderne midtaustenhistorie ved Institutt for...


  • Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Programm og oppgaverSom stipendiat i religionsvitenskap vil du få mulighet til å utføre eget forskningsarbeid, blant annet:• Utvikle nye teorier og modeller.• Publisere resultater i internasjonale vitenskapelige tidsskrifter.• Deltage i forskningskonferanser og seminarer. Du vil også være ansvarlig for å:• Samarbeide med andre forskere og...


  • Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    TilbudetSom stipendiat i religionsvitenskap får du mulighet til å utvikle dine kunnskaper og ferdigheter innen feltet, samt være en del av et dynamisk og interdisiplinært forskningsmiljø.Vårt universitet tilbyr et varmt og inkluderende miljø hvor du kan vokse både som forsker og som person.Vi ser for deg som en attraktiv kandidat hvis du...


  • Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Vi søker etter en stipendiat til å jobbe med ph.d.-prosjektet «Innovasjon i offentlig sektor». Dette prosjektet vil undersøke hvordan innovasjon kan bidra til bærekraftig utvikling i kommunal sektor.Stipendiaten vil jobbe tett sammen med en veileder og andre forskere på Fakultet for helse- og sosialvitskap. Vi ser etter en kandidat med sterke...


  • Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Velkommen til stillingen som stipendiat i digital kultur ved Senter for digitale forteljingar. Vi søker en ambisiøs og motstående kandidat som ønsker å bidra til vår forskning og utvikling innenfor feltet.">Om stillingenStillinga er knytt til Senter for digitale forteljingar, et norsk senter for fremifrå forsking. CDN fokuserer på algoritmisk...


  • Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Vi søker etter en dyktig kandidat til stillingen som ph.d.-stipendiat i fjernmåling og fotogrammetri av kryosfæren. Prosjektet SnowAI vil gi deg muligheten til å arbeide med spennende teknologier og metoder innen geovitenskap, og å bidra til forskning som kan løse komplekse problemstillinger innen kryosfæren.SnowAI-prosjektet inkluderer bruk av...


  • Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Om stillingenVi søker en dyktig forsker til stillingen som stipendiat ved Klinisk institutt 2. Stillingen er finansiert av Universitetet i Bergen og inkluderer også deltagelse i prosjektet A cryptosporidiosis coint-of care test-and-treat strategy in children with diarrhea.Prosjektet vil handle om å undersøke genetisk variasjon i Cryptosporidium-isolat,...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen (UiB) Full time

    ForskningsområdetStillingen vår er rettet mot en ph.d.-grad innenfor religionsstudium med fokus på oldtidens religion. Vi søker etter en person som kan bidra med sine kunnskaper og erfaringer innen dette feltet. Som stipendiat vil du være medlem av en tett samarbeidende forskninggruppe som arbeider med individuelt engasjement i radikal eldre religion og...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen (UiB) Full time

    Det moderne Midtausten er en fascinerende region som har gått gjennom mange forandringer over tid. Som stipendiat i moderne midtaustenhistorie vil du få muligheten til å undersøke disse forandringene og bidra til vår kunnskapsbygging.Om instituttetInstitutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap er et av UiBs største institutter. Vi er...


  • Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Stipendiat innen fagområde helsetjenesteinnovasjonHøgskulen på Vestlandet (HVL) er en av de største høgskolene i landet, med om lag 1 800 ansatte og 16 000 studenter fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innen helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi,...


  • Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i fjernmåling og fotogrammetri av kryosfæren. Stillinga er for ein åremålsperiode på...


  • Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2 er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er ledig for ein periode på tre (3) år. Stillinga er...


  • Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Om stillingenVi søker etter en Forsker i Helsetjenester som ønsker å delta i prosjekt SARHA.Stillingen som stipendiat lønnes i stillingskode 1017 Stipendiat, startlønn 536 200.-- . Det gis automatisk lønnsutvikling i inntil 4 år med 3 % årlig stigning.Vi tilbyr: Et dynamisk og tverrfaglig forskningsmiljø i forskningsgruppen Idrett, helse og...