Forskar 1109 i datadriven berekningsmekanikk for vindenergi til havs
3 days ago
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Forskar 1109
Ved Geofysisk Institutt (GFI) er det ledig ei mellombels stilling som forskar i datadriven berekningsmekanikk for vindenergi til havs. Stillinga er for ein periode på eit år og knytt til prosjektet ERC Consolidator Grant Data-Driven Approaches in Computational Mechanics for the Aerohydroelastic Analysis of Offshore Wind Turbines - DATA-DRIVEN OFFSHORE (Grant agreement ID: Stillinga dekkjer ein viktig del av aktivitetane ved Bergen Offshore Wind Centre (BOW), der målet er å bringe saman grunnleggjande og bruksretta forsking innan vindkraft til havs.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Vindkraft til havs er avgjerande for å oppnå måla til The European Green Deal. Sjølv om offshore vindkraft er eit felt som har vakse og modna, krev teknologien eit paradigmeskifte for å sikra den berekraftige utviklinga dei neste åra. En veg for å oppnå dette paradigmeskiftet er fokusert på utviklinga av datadriven berekningsmekanikk. Forskingsaktivitetane knytt til denne stillinga følgjer utviklinga av matematiske metodar og numeriske prosedyrar for datadriven berekningsmekanikk som vil bli brukt til aerohydroelastisk analyse av offshore vindturbinar. Denne nye tilnærminga tillèt å inkludere eksperimentelle data i simuleringa til systemet. Dei vanlege likningane må bli justert slik at ein kan erstatte turbinbelastning, grenseføresetnadar og materialmodellar gjennom eksperimentelle data. Forskinga knytt til stillinga har og som mål å ha eit tett samarbeid med forskingsmiljø innan BOW og GFI. Det er forventa at resultatet av denne forskinga vil bli publisert i høgt rangerte tidsskrift.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (PhD) innanfor ingeniørfag, informatikk, energi, matematikk eller fysikk. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Erfaring frå finite-element method er eit krav.
- Erfaring frå computational structural dynamics er eit krav.
- Programmeringsferdigheiter, til dømes Fortran eller C++, er eit krav.
- Erfaring frå computational aeroelasticity er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Vi kan tilby:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr ,- ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
- medlemsskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
- relevante attestar
- liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Cristian G. Gebhardt, Geofysisk Institutt og Bergen Offshore Wind Centre, e-post: , tel.:
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Magnus Larsen, e-post:
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Om Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre.
Spørsmål om stillinga
Cristian G. Gebhardt
Professor
Søknadsfrist
- januar 2026
Arbeidsgivar
Universitetet i Bergen
Kommune
Bergen
Omfang
Heiltid
Varigheit
Vikariat/mellombels
Arbeidsstad
Allegaten 70, 5007 Bergen
Ledige stillingar - Universitetet i Bergen
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 400,000 - 600,000 per yearUiB - Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?StipendiatVed Geofysisk Institutt (GFI) er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i datadriven berekningsmekanikk for vindenergi...
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 485,000 - 965,000 per yearKunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.ForskarVed Institutt for informatikk er det ledig to mellombelse...
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 900,000 - 1,200,000 per yearOm stillingaFor English-speaking appliers: An English version of the text may be sent to you when contacting: camilla.hanquist.-Seksjon for medisinsk fysikk har ledig ei fast stilling i 100% stilling som medisinsk fysikar med fagfelt medisinsk fysikk i stråleterapi. Stillinga vil vere knytt opp mot koordineringsansvar for eksperimentelt forskingsrom innan...
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 525,200 per yearUiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Om stillingaVed Avdeling for naturhistorie ved Universitetsmuseet i...
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 550,000 - 700,000 per yearUiB - Knowledge that shapes societyUiB shall be among Europe's leading universities, internationally recognized for high quality in research and education. As a societal institution, we shall contribute to sustainable and democratic development and be an attractive and inclusive place to study and work.ResearcherThere is a vacancy for a Researcher position...
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full timeOm stillingaProsjekt: Holostic Ovarian cancer PrEdiction (HOPE) – Treatment options for ovarian cancer by comprehensive profilingStillinga er ledig frå , eller etter nærare avtale. Varigheit eitt år, med moglegheit for forlenging. Eggstokkreft er den nest vanlegaste forma for underlivskreft i den vestlege verda, og kvart år får 500 nye kvinner i...
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 450,000 - 650,000 per yearUiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Stipendiat i hanseatisk historie frå mellomalder til tidleg moderne...
-
Stipendiat i kulturvitskap
5 days ago
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 375,000 - 450,000 per yearUiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Stipendiat i kulturvitskap ved Institutt for arkeologi, historie,...
-
Postdoktor i strukturgeologi
5 days ago
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 550,000 - 650,000 per yearKunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.PostdoktorVed Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som...
-
Lærling i IT driftsfaget
1 day ago
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 434,500 - 549,000 per yearSpennende læreplassNå søker vi dyktige lærlinger til IT-driftsfaget med oppstart i 2026.Vil du ha en læreplass med varierte dager, tett oppfølging og mulighet til å utvikle deg både faglig og personlig?Ved Universitetet i Bergen (UiB) legger vi vekt på at du skal få vokse faglig, føle mestring og være en del av et sterkt fellesskap. Du får et...