Medisinsk fysikar/forskar med ansvar for kjernefasilitet ekperimentelt forskingsrom protonterapi

6 days ago


Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 900,000 - 1,200,000 per year

Om stillinga

For English-speaking appliers: An English version of the text may be sent to you when contacting: camilla.hanquist.-

Seksjon for medisinsk fysikk har ledig ei fast stilling i 100% stilling som medisinsk fysikar med fagfelt medisinsk fysikk i stråleterapi. Stillinga vil vere knytt opp mot koordineringsansvar for eksperimentelt forskingsrom innan protonterapi, og inneheld eigen forsking som postdoktor dei første åra.

Seksjon for medisinsk fysikk er eit kompetansesenter innan fagfeltet medisinsk fysikk. Vi er i dag om lag 50 tilsette, alle med universitet eller høgskuleutdanning. Ei av seksjonen sine hovudarbeidsoppgåver er å yte teknisk- og fysikkstøtte til klinikken si stråleterapieining. Seksjonen har òg ansvar for medisinsk fysikk innan protonterapi - som blei starta i Bergen våren 2025.

Den ledige faste stillinga er som koordineringsansvarleg for det eine gantryet innan protonterpi, som er dedikert til eksperimentell protonterapiforsking. Dette er organisert som ei kjernefasilitet i Kreftklinikken. Stillinga er sett saman av to delar. 50% har ansvar for tilrettelegging for all bruk av gantryet til forsking, nasjonalt og lokalt samarbeid, teknisk-fysikalsk kunnskap og kompetanse om protonterapi, samt god kunnskap og jamleg utføring av kvalitetssikringsoppgåver. Vi ønsker ein person som tar ansvar for utvikling av tenesta og arbeider for auka bruk av kjernefasiliteten for lokale og nasjonale forskingsmiljø, og som ser behova til forskingsgruppene. Den andre halvdelen av stillinga er knytta opp mot forsking som postdoktor dei første åra. Dette er knytta til forskingsprosjektet "Advancing clinical proton therapy through translational research for improved long-term outcomes" - og denne delen vil ha fagleg tilhøyring til forskarmiljøet innan stråleterapi. For meir informasjon om forskingsprosjektet, ta kontakt med Camilla Stokkevåg (kontaktinformasjon nederst).

Ved intern rekruttering, kan det bli ledig ei fast stilling som medisinsk fysikar innan stråleterapifysikk - der søkarar potensielt kan bli vurdert for denne.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

Arbeidsgivar:

Helse Bergen HF

Stad:

Bergen

Stillingstittel:

Medisinsk fysikar

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

Del på X

Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

  • Koordineringsansvar for kjernefasilitet eksperimentell protonterapiforsking
  • Praktisk og administrativt tilretteleggingsansvar for ulike forskingsmiljø som skal nytte kjernefasiliteten
  • Utviklingsansvar for kjernefasiliteten og tilbodet til forskingsmiljøa
  • Dosimetri- og kvalitetssikringsoppgåver innan protonterapi
  • Generelle oppgåver innan medisinsk fysikk og stråleterapi
  • Forsking innan forskingsprosjektet "Advancing clinical proton therapy through translational research for improved long-term outcomes"

Kvalifikasjonar

  • Søkarar må ha høgare teknisk utdanning ) innan fysikk eller anna relevant retning, med hovudvekt på strålingsfysikk og/eller strålingsbiologi
  • For primærstillinga søker vi etter ein kandidat med PhD
  • Erfaring frå protonforsking er ønskeleg, særleg eksperimentell forsking og eventuelt kunnskapar innan Monte Carlo-simuleringar
  • Erfaring frå preklinisk forsking (celle- eller dyreeksperiment) kan bli vektlagt
  • Brei erfaring frå arbeid som medisinsk fysikar med strålebehandling av kreft, gjerne med erfaring innan relevant utstyr og datasystem som blir nytta i Helse Bergen, er ein fordel
  • Akademisk utdanning og gjennomføringsevne kan bli vektlagt
  • Erfaring med leiing og gjennomføring av prosjekt kan bli vektlagt
  • For å bli vurdert til stillinga må søkarar legge ved relevant dokumentasjon på utdanning med vitnemål, og eventuelle relevante attestar
  • For primærstillinga ønsker vi at søkaren legg ved eit motivasjonsbrev (på norsk eller engelsk), der det blir skildra eigen forsking og motivasjon, samt moglege prosjekt og interesseområde som søkaren ønsker å ta del i

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner. Søkarar må evne å kommunisere og samhandle med andre faggrupper og ulike forskingsgrupper
  • Entusiastisk og bidrar til gjennomføring av nye tiltak
  • Praktisk innsikt og evne til å sjå nye moglegheiter
  • Framsynt, strategisk og evne til å utvikle tenesta for framtida
  • Vi ønsker søkarar som er ansvarlege, engasjerte, positive, fleksible og nøyaktige
  • Det er ønskeleg med gode kunnskapar i norsk/skandinavisk språk og engelsk, både skriftleg og munnleg
  • Det er viktig at søkarar kan vere positiv med omsyn til å yte ekstra innsats i periodar med høg aktivitet
  • Seksjonen vil gradvis gå over til skiftarbeid for medisinske fysikarar dei neste åra, og søkarar må kunne delta i skiftarbeid på kvardagar med arbeidstider mellom

kl 06.00 og 22.00

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Opplæring med rettleiar, gjennom hospitering og kurs
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Fleksibel dagarbeidstid (ikkje helg), med gradvis overgang til skiftarbeid dei neste åra. Det blir og noko pålagt kveldsarbeid
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Adresse:

Protonbygget, Haukelandsbakken 48, 5009 Bergen, Norge

(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Einar Waldeland

Seksjonsleiar

Telefon:

E-post:

einar.-

Lukas Andreas Hirschi

Ass. seksjonsleiar

E-post:

lukas.andreas.-

Camilla Hanquist Stokkevåg

Forskar

E-post:

camilla.hanquist.-

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.



  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 485,000 - 965,000 per year

    Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.ForskarVed Institutt for informatikk er det ledig to mellombelse...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 600,000 - 2,400,000 per year

    Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Forskar 1109Ved Geofysisk Institutt (GFI) er det ledig ei mellombels...


  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 7,237,500 - 10,625,000 per year

    Om stillingaHjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus er ei spesialavdeling der all utgreiing og behandling av hjartesjukdommar er samla. Hjarteavdelinga driv med høgt spesialisert utgreiing og behandling innan følgande område; ikkje-invasiv diagnostikk og behandling, thorax-kirurgi, intensiv- og overvaking, pacing, tachyarytmi, preventiv...


  • Bergen, Vestland, Norway Dr Full time 900,000 - 1,200,000 per year

    Vi søker etter gynekolog til Dr.Dropin, da etterspørselen etter gynekolog er stor. Vi søker en godt kvalifisert gynekolog som jobber selvstendig, men likevel har gode samarbeidsevner. Vi søker deg som vil jobbe hos oss som konsulent (selvstendig næringsdrivende). Vi er fleksible i forhold til stillingsprosenter, arbeidstid kan tilpasses etter hva som...


  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 500,000 - 600,000 per year

    Om stillingaVil du vere med å forme kva tenester laboratoriet skal tilby i framtida? Ønsker du ein legejobb der du i stor grad kan styre din eigen arbeidskvardag, med moglegheit for fordjuping i fleire medisinske problemstillingar? Som LIS hos oss får du moglegheit til å bidra til diagnostikk, utvikling og forsking innan eit fagfelt som stadig er i...


  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time

    Om stillingaProsjekt: Holostic Ovarian cancer PrEdiction (HOPE) – Treatment options for ovarian cancer by comprehensive profilingStillinga er ledig frå , eller etter nærare avtale. Varigheit eitt år, med moglegheit for forlenging. Eggstokkreft er den nest vanlegaste forma for underlivskreft i den vestlege verda, og kvart år får 500 nye kvinner i...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 550,000 - 850,000 per year

    Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.RådgjevarI studieseksjonen ved Det medisinske fakultet er det ledig ei...


  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 600,000 per year

    Om stillingaVil du vere med på å sikre presis og trygg pasientbehandling – og samstundes utvikle deg fagleg i eit stort og variert laboratoriemiljø? Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) ved Haukeland universitetssjukehus har som oppdrag å levere laboratorieanalysar av høg kvalitet – til rett tid og med høg fagleg presisjon – for...


  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 550,000 - 650,000 per year

    Om stillingaAvdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er det største laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus og har om lag 370 tilsette. MBF har 12 analytiske og 3 ikkje-analytiske seksjonar, i tillegg til tre legegrupper (Medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og Klinisk farmakologi).Avdelinga utfører ei rekkje analysar innan fagområda...

  • Administrasjonssjef

    6 days ago


    Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 550,000 - 650,000 per year

    Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.AdministrasjonssjefVed Klinisk institutt 2 (K2), Det medisinske fakultet,...