Seksjonssjef Klima og miljø
6 days ago
Om Statens vegvesen og Utbyggingsdivisjonen
Utbyggingsdivisjonen i Statens vegvesen er den største landbaserte byggherren i Noreg. Divisjonen har ansvar for planlegging og bygging av dei større vegprosjekta til Statens vegvesen. Operativt er divisjonen delt inn i fire utbyggingsområder, ei fagressursavdeling og ei avdeling for kontrakt/marked.
Fagressursavdelinga er ei landsdekkande eining som leverer ulike fagressursar til dei fire utbyggingsområda i utbyggingsdivisjonen. Avdelinga si hovudoppgåve er å bidra til at prosjekta når måla sine ved å levere rett kompetanse til rett tid i prosjekta.
Klima og miljø seksjonen er ein av 7 fagseksjonar i Fagressursavdelinga, og er ei landsdekkande eining som per i dag tel 27 medarbeidarar. Seksjonen har eit breitt fagmiljø med kompetanse innan fagområda berekraft, naturmangfald, naturressursar, grøntmiljø, klimagass, ytre miljø, støy/luft, forureining og vannmiljø. Medarbeidarane jobbar inn i prosjekt i alle fasar og er fordelte frå Kristiansand i sør til Tromsø i nord.
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.
Om stillinga
Som seksjonssjef vil arbeidsoppgåvene dine vere dagleg leiing av seksjonen, inkludert personal- og resultatansvar. Du skal legge til rette for utvikling av kompetanse og kapasitet innanfor seksjonen og avdelinga sitt arbeidsområde, og sørge for både personleg og fagleg utvikling for dine medarbeidarar.
Du har ansvar for å allokere fagressursar til prosjekt etter behov. Du vil ha tett samarbeid med andre seksjonar og bidra inn i leiargruppa i avdelinga.
Av omsyn til kor seksjonen har flest medarbeidarar er ønska kontorstad Bergen eller Drammen, andre lokasjoner kan vurderast.
Leiing i Statens vegvesen
Som leiar i Statens vegvesen forventes det at du følgjer leiarprinsippane våre – vårt felles kompass for godt leiarskap:
- Sett retning – eg ser framover, varetek heilskapen og viser veg.
- Ver til stades – eg lytter, tek vare på medarbeiderane og motiverer til innsats.
- Skap saman – eg er drivkraft for samarbeid og deling. Eg gjer det trygt å utforske nye moglegheiter.
Prinsippa byggjer på våre verdiar og gir retning for korleis vi leier, samhandlar og utviklar oss – både som enkeltleiarar og som organisasjon.
Kvifor skal du velje oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av eit landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling - både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
- God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
- Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
- Faglig påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Kvalifikasjonskrav
Du må ha
- Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, min 4 år
- God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk
Det er ein fordel om du har
- Leiarerfaring med personalansvar og erfaring innan eininga sitt ansvarsområde
- Kjennskap til prosessane for planlegging etter plan- og bygningslova, samt gjennomføring av konsekvensutgreiingar
- Erfaring frå større vegprosjekt
Desse haldningane og innstillingane vil hjelpe deg i denne rolla
- Du er god på å samarbeide i tverrfaglege miljø og du likar å bidra til kreativitet og erfaringsutveksling
- Du ser nytten i bruk av ny teknologi og er interessert i å bidra til utvikling
- Du er interessert i personalleiing og utvikling av medarbeidarar i rolla deira i prosjekta
- Du er ein positiv lagspelar som tek initiativ og er løysingsorientert
- Du samarbeider godt med andre og trivst med å jobbe med fleire oppgåver samtidig
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR ).
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Om søknadsprosessen
Krav til søknaden
Vi har gjort det enklare for deg I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.
Testar og bakgrunnssjekk
For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Desse testane gir oss innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og hjelper oss med å gjere ei rettferdig og objektiv vurdering, slik at vi finner den best kvalifiserte kandidaten. Vi gjennomfører også bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandling
Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
-
Trainee - Berekraft
45 minutes ago
Bergen, Vestland, Norway Vestland fylkeskommune Full timeOm stillinga Vestland fylkeskommune skal ha eit effektivt, trygt og framtidsretta transportsystem som legg til rette for klima- og miljøvenleg mobilitet og berekraftig samfunnsutvikling. Dette inneber at fylkeskommunen skal vere ein pådrivar for å skape gode og framtidsretta løysingar der ein tilpassar infrastruktur til eit klima i endring, reduserer...
-
Trainee - Internasjonalt samarbeid
36 minutes ago
Bergen, Vestland, Norway Vestland fylkeskommune Full timeOm stillinga Vestland fylkeskommune satsar sterkt på internasjonalt samarbeid og vil styrkje arbeidet med EU-program som Horisont Europa og Erasmus+. Vi søkjer ein engasjert og lærevillig trainee som ønskjer å bidra til utviklinga av Vestland som ein grøn og innovativ region i Europa. For å vere ein attraktiv partnar må vi også synleggjere korleis...
-
Markedssjef - VA prosess, Vann & Miljø
2 days ago
Bergen, Vestland, Norway COWI Full time 650,000 - 1,025,000 per yearVi søker en markedssjef som kan lede og videreutvikle vår markedsposisjon innen vann- og avløpsrensing (VA prosess). Kan du sette strategisk retning og lede tverrfaglige tilbudsprosesser? Og er du dyktig til å utvikle kunderelasjoner? Da kan dette være neste steg i din karriereVær drivkraften bak vår vekst innen vann og miljøFor å styrke Norges...
-
Trainee - Digitalisering og innovasjon
6 minutes ago
Bergen, Vestland, Norway Vestland fylkeskommune Full timeOm stillinga Er du interessert i digitalisering og innovasjon?Vestland står midt i ei spennande omstilling for å styrkje konkurransekrafta til næringslivet i fylket. Digitalisering og innovasjon er sentralt i denne omstillinga. No har du sjansen til å bli med og drive denne utviklinga framover I seksjonen for grøn næringsutvikling deltar du i to...
-
Områdeleiar Eiendomsdrift driftsområde nord
6 days ago
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 700,000 - 850,000 per yearKunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Om stillinga:Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og...
-
Sykepleier
6 days ago
Bergen, Vestland, Norway Betanien rehabilitering og sykehjem Full time 600,000 - 800,000 per yearVi ser nemlig etter deg som ønsker en arbeidshverdag hvor mestring, fremgang og variasjon er i fokus. Du som vil jobbe i todelt turnus i 90-100% stilling – og som har lyst til å bli vår nye kollegaSom sykepleier hos oss inngår du i et dyktig fagmiljø, hvor vi hjelper pasienter i alderen 18-80 år med å mestre en ny hverdag etter sykdom eller skade....
-
Leder Teknisk Prosjektledelse
6 days ago
Bergen, Vestland, Norway Skanska Full time 600,000 - 800,000 per yearSkanska fortsetter å styrke sin posisjon innen tekniske fag. Vi har en egen teknisk avdeling som er tett på i alle prosjektfaser og bidrar med spisskompetanse, erfaring og digitale arbeidsmetoder. Fagmiljøet ligger langt fremme både teknisk og digitalt, og har utviklet DSF – digital systematisk ferdigstillelse. Avdelingen tekniske fag teller om lag 50...
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 440,000 - 520,000 per yearKunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.SeniorkonsulentDet psykologiske fakultet ønskjer deg velkomen som søkjar...
-
Trainee - Økonomi
37 minutes ago
Bergen, Vestland, Norway Vestland fylkeskommune Full timeOm stillingaNøkkelinformasjonSøknadsfrist: Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommuneStad:BergenStillingstittel:TraineeStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:TraineeStillingsprosent:100Webcruiter-ID: Startdato: Sluttdato: Sosial deling :Del på XDel på LinkedInDel på FacebookDel på e-post Arbeidsoppgåver Er du engasjert i berekraft og det...
-
Produksjonsleder
2 days ago
Bergen, Vestland, Norway Caverion Full time 600,000 - 800,000 per yearEr du over snittet god på å håndtere mange baller i luften samtidig på en strukturert, effektiv og hyggelig måte? Da vil vi gjerne snakke med deg Vi ser etter deg som er god på å skape oversikt og kontroll over bemanningssituasjonen både for planlagte og akutte oppdrag, samt ser muligheter for å effektivisere prosesser. En av dine hovedoppgaver vil...