Er du vår nye frontend-utviklar i Bouvet Førde?
6 days ago
Førde
Elvevegen 13, 6800 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Konsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk senest lørdag 13. desember
Vil du jobbe med nokre av dei mest spanande utviklingsprosjekta i Noreg - og samstundes bu i fantastiske Sunnfjord?
Dette er ei open invitasjon til frontendutviklarar som vil vere med på å byggje framtidas samfunn - og ha det kjekt på vegen dit
Til kontoret vårt i Førde ser vi etter ein erfaren utviklar som ønskjer å bli ein del av det største og mest kompetente systemutviklingsmiljøet på Vestlandet.
Hos oss får du vere med og utvikle morgondagens løysingar for viktige samfunnsaktørar innan energi, industri, forsvar og helse.
I Bouvet er vi opptekne av berekraft, tryggleik, brukarvennlegheit og effektivisering - og vi strekkjer oss langt for å levere dei beste løysingane til kundane våre.
Eit utval av fordelane du får hos oss
Vi har det største fagmiljøet for utviklarar på Vestlandet, og i tillegg mange gode kollegaer innan andre fagfelt.
Ein trygg og solid arbeidsplass der vi tilbyr forutsigbarheit, støtte og langsiktig stabilitet - og der vi heiar på balanse mellom jobb og fritid.
Dei fleste av teama våre sit i lokala våre og jobbar med produktutvikling for kundane våre. Det betyr at du blir godt kjent med kollegaene rundt deg og får fagleg oppfølging av folk som bryr seg.
Vi har ein sterk delingskultur. Det viser igjen i måten vi samarbeider i prosjekta, korleis vi jobbar mot felles mål utan spisse olbogar - og at vi deler kunnskap og hjelper kvarandre.
Alle tilsette har fast løn, med overtidsbetaling og fleksitid. Prestasjonsbasert løn og individuelle bonusar er ikkje noko for oss - vi vil gi deg tryggleik gjennom fast løn, felles overskotsdeling og langsiktige avtalar med solide kundar.
Vi har heilt nye og romslege lokale på Elvekanten i Førde sentrum.
Bouvet er eit verdibasert konsulentselskap. Vi rekrutterer medarbeidarane våre ut frå eit sett med verdiar, og vi ønskjer at både leveransane våre og forholdet til kundane skal spegle desse verdiane.
Her kan du bli kjent med verdiane våre - og nokre av dei som jobbar hos oss.
Kven er du? Denne rolla er du perfekt for deg som har:
Relevant utdanning frå universitet eller høgskule - men lang erfaring kan vege opp for formell utdanning.
Erfaring med JavaScript/TypeScript - og gjerne React eller liknande rammeverk. Du treng ikkje å kunne alt, men du bør like å lære.
Interesse for fullstack-utvikling.
Interesse for UI/UX og gode brukaropplevingar.
Genuin interesse for ny teknologi og eit ekte engasjement for faget.
Ønske om å jobbe frå kontoret vårt i Førde, der du blir ein del av eit fagleg sterkt og sosialt miljø.
Motivasjon til å bidra i team, men også evne til å ta ansvar, jobbe sjølvstendig og levere kvalitet.
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Fleksibilitet til å reise i samband med oppdrag, sidan prosjekta våre av og til inneber workshopar eller samarbeid hos kunden.
Ein trygg og sosial arbeidsplass
Vi er stolte av kulturen vår - både den faglege og den sosiale. I tillegg til ulike faggrupper og fagsamlingar er mange av oss sjølve med på å drive sosiale aktivitetar og idrettsgrupper. Nokre døme er sjakk, brettspel, volleyball, padel og bordtennis.
Som tilsett i Førde får du eit sosialt miljø lokalt, og du blir òg invitert til mange små og store faglege og sosiale samlingar i Bergen. Høgdepunktet gjennom året er Uavhengigheitsfeiringa - ein tradisjon vi gler oss til kvart år.
Vi vil fortløpende vurdere kandidatane.
Vi forventar at du openhjartig gir all relevant informasjon om deg sjølv i rekrutteringsprosessen. Det blir gjennomført bakgrunnssjekk av alle endelege kandidatar, og alle tilsetjingar blir screena mot relevante sanksjonslister for å sikre etterleving av sanksjonslovene. Når du søkjer på ei stilling i Noreg, vil du bli beden om å gi informasjon om eventuell tilknyting til høgrisikoland som del av ei tryggleiksvurdering.
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Stillingsnummer
37fa4f74-f60c-4b8b-95ef-f11a04e8ec9b
Sist endret
- november 2025
Hentet fra
FINN
Referanse
Lignende annonser
Feltteknikere i Førde
Arbeidsgiver
GEOMATIKK AS
Sted
Førde
Er du en badass på brukeropplevelser?
UX- og interaksjonsdesigner
Arbeidsgiver
PRORESULT AS
Sted
Førde
Work as a Roofer in Bergen – Flat Roof Projects & Growth Possibilities
Taktekker
Arbeidsgiver
Skuteviken Personell AS
Sted
Bergen, Askøy, Bergen, Bjørnafjorden, Vestland, Øygarden
-
Er du vår nye LIS3?
4 days ago
Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time100% fast stiling som lege i spesialisering (LIS3) i radiologi ved Førde sentralsjukehus. Er du nyutdanna lege og klar for å starte spesialiseringa di? Ønskjer du ein trygg og lærerik start på karrieren, med tett oppfølging og eit inkluderande fagmiljø? Då kan LIS-stillinga i radiologi ved Førde sentralsjukehus vere noko for deg Treff nokre av...
-
Er du våre nye fagradiograf røntgen?
6 days ago
Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time 550,000 - 650,000 per yearRadiologisk avdeling i Førde tilbyr ein meiningsfull og interessant arbeidsdag i tett samarbeid med gode kollegaer. Hos oss vil du bli utfordra fagleg og få sjansen til å påverke og utvikle røntgentilbodet i Helse Førde. Samtidig bur du midt i det vi kallar livets leikeplass: VestlandetNo har vi ledig stilling til deg som ønsker meir ansvar:100% fast...
-
Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time 400,000 - 600,000 per yearVil du vere del av ei radiologisk avdeling der alle kjenner alle? Ønsker du breidde i arbeidsdagen, der du får jobbe innan ulike fagområde og modalitetar? Få ein meiningsfull og variert arbeidskvardag samtidig som du bur midt i livets leikeplass: VestlandetVi har ledig radiografstillingar ved Førde sentralsjukehus:2 x 100% vikariat i perioden Dato for...
-
Feltteknikere i Førde
6 days ago
Førde, Norway DeepOcean Full time 450,000 - 600,000 per yearGEOMATIKK AS6800 FørdeOm jobbenStillingstittelFeltteknikere i FørdeType ansettelseFast, heltid 100%ArbeidsspråkNorskAntall stillinger1Lyst til å jobbe 100% ute i frisk luft? Geomatikk AS søker etter felttekniker i Førde.Er du vår nye felttekniker?Vi ser etter deg som liker å være ute i all slags vær og trives med å kjøre bil. Du er også glad i...
-
Sommarvikar hos Vestland i Førde
6 days ago
Førde, Vestland, Norway NRK Full time 360,000 - 480,000 per yearVil du vere sommarvikar hos NRK Vestland i Førde?3374 DVVE Redaksjon Flater og utvikling, NRKSøk på stillingaOm stillingaNRK Vestland søkjer sommarvikarar til nyhenderedaksjonen i Førde. Vi ser etter deg som vil lage saker frå Vestlandet til eit nasjonalt publikum på , radio og tv. Du bør ha noko erfaring frå journalistisk jobbing i ein redaksjon.Vi...
-
Førde, Vestland, Norway Empet Full time 600,000 - 1,200,000 per yearVi leter etter en veterinær til et 100% vikariat på vår klinikk i Førde. Gjerne deg som har erfaring med tenner og tannbehandling, og interesse for detteSom ansatt i EMPET Førde blir du verdsatt. Vi satser på våre ansatte og ønsker å være ledende både faglig og sosialt. Hos EMPET skal det være gøy å komme på jobb.EMPET Førde ligger sentralt i...
-
Lege i spesialisering 2/3
6 days ago
Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time 550,000 - 650,000 per yearSeksjon legar AIO ved Førde sentralsjukehus har ledig to vikariat som LIS 2/3 innan anestesi.Arbeidsperiode: frå snarast og fram til Seksjon legar ved AIO er organisert i 7 seksjonar - anestesi, intensiv, operasjon Førde, operasjon Lærdal, dagkirurgi, sterilsentral og anestesilegar. Seksjon i Førde har 20 stillingar inkludert seksjonsleiar og...
-
Specsavers Førde søker butikkmedarbeider
6 days ago
Førde, Norway DeepOcean Full time 350,000 - 450,000 per yearSpecsavers FørdeNaustdalsvegen 1A, 6800 FørdeOm jobbenStillingstittelOptikerassistentType ansettelseFast, heltid 100%ArbeidsspråkNorskAntall stillinger1ArbeidsstedHjemmekontor ikke muligSøk senest søndag 30. novemberButikkmedarbeider med smittende smil og troverdige rådLeter du etter en meningsfull jobb som butikkmedarbeider i 100% stilling?Da er denne...
-
Legar i spesialisering
2 days ago
Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time 350,000 - 550,000 per yearMedisinsk legeteneste ved Førde sentralsjukehus har ledig to vikariat for legar i spesialisering (LIS 2/3) frå mars 2026, førebels ut februar 2027. Vikariatet gjeld å vere del av 10-delt vaktplan som LIS 2.I tillegg til søkjarar som ønskjer indremedisinsk teneste i Helse Førde, er også legar som treng sideutdanning velkomne til å søkje.Seksjonen...
-
Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time 600,000 - 700,000 per yearLab. medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) er ei fellesavdeling på tvers av sjukehusa i Helse Førde med seksjonar i Førde, Lærdal og Nordfjord.LMBB er ei viktig og sentral avdeling i Helse Førde, og bidrar døgnet rundt med analyser av høg kvalitet slik at både sjukehusavdelingar og legekontor kan sikre riktig diagnose og god pasientbehandling.Her...